Driveknolten i himmelsjå midt i bildet i ettermiddag - MMSMot kjende fjell i aust. Markavatnet t.v. MMSVar ein rask tur oppom Kvamsnipa på veg heim frå jobb i ettermiddag. Utruleg fint. Det var solskin på toppen, men på heile nordsida, der eg brukar å gå opp, er sola no vekke. Men lyset på toppane og fjella ikring var magisk! (Knipsa nokre mms-bilder)
Det seig på litt havskodde på Skålefjellet og Ytrevågefjellet medan eg sat oppe på toppen. Men no ser det ut til å bli ein nydeleg dag i morgon òg. Skulle så gjerne hatt litt fri... Eg har eit par feriedagar igjen. Tenkjer først og fremst på å ta turen frå Blegja til Eitrenipa før snøen kjem. Eitrenipa er ny 30 poengar på fjelltrimmen komande sesong...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar