Fra Driveknolten_Kvamsnipa 200908 (MMS) |
lørdag 20. september 2008
Haustfargar og nye fall
MMS - Haustleg på Driveknolten i dag tidleg
Det vart vel på langt nær det fine haustvèret i dag som forventa. I løpet av natta var det komme ein god del nedbør som gjorde det ganske blautt innover Heileberget til Driveknolten. Og sola uteblei òg. Med noko skodde på nordsida og ein sur trekk i tillegg, vart det haustleg ja...
Men du verden for nokre fargar det er oppe på fjellet no. Vegetasjonen er heilt oransje. Naturen har gjort seg klar for den kvite årstida. Og eg fekk meg ein fin trimtur på morgonen..
MMS - Kvamsnipa i ettermiddag
Det vart ein tur til gitt. Med fruen. På Kvamsnipa. Så fekk ho fullført sitt opplegg, medan eg er nesten i mål med ei ny runde (det går snart i surr no..:-)) Det klårna nemleg bra opp på ettermiddagen og sola stakk faktisk fram òg.
Eg hadde teke på meg joggeskoa eg sleit ut i sommar. Nesten ikkje mønster igjen. Det resulterte i at eg formeleg sto på skøyter ned igjen frå toppen i kveld... No går det litt over stokk og stein til vanleg òg. Men denne turen vart likevel noko for seg sjølv i så måte. 4-5 bra tryningar. Resultat: eit forslått kne og eit par blodige fingrar. Ja, ja, det går føre seg får eg seie. Men det er ikkje verre enn at eg fint kjem meg av garde i morgon òg. Då får eg heller finne meg eit par fjellsko med mønster...:-)
Eg trur likevel sjokket var verre for fruen når ho såg kor eg for åt. Eg måtte trøyste ho med at eg har ei viss erfaring med å gå på tryne....:-) Det er nemleg berre å reise seg igjen...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar