tirsdag 16. september 2008
Så lett så lett
MMS - Fine haustfargar på Skålefjellet i kveld
Apropos til dei som las epistelen min om hjort og jakt hin dagen, så må eg nesten nemne ein episode frå i dag tidleg. For eg måtte småhumre litt med meg sjølv før klokka var 07 av følgjande.
På Osland hoppa ei kolla og ein kalv over vegen framfor bilen min. Frå der dei ofte brukar å komme. 100 meter lenger framme står ein hjortejegar i vegkanten, støttande på bilen sin med kikkert og saumfær lia oppe. Men trur du ikkje at 100 meter vidare fram hoppar det ein hjort TIL over vegen rett framfor bilen min.... Morsomt! Egentleg urkomisk... Etter kva eg forstår er det vel ikkje lov å skyte frå bil... Men noko særleg UT av bilen er det visst ikkje nødvendig å jakte...
No ser det visst ikkje ut til at jegeren på denne jaktturen hadde bevega seg så langt frå bøgarden heller...:-)
Det gjekk aldeles så lett på Skålefjellet i kveld. Eg har brukt og tatt mandagane "fri" i det siste. Veit ikkje heilt om det er grunnen til at det går så mykje lettare dagen etter. Eg trur so. For turen opp i dag var nesten som ein leik å rekne. Tanken på å springe opp bakkane mot toppen slo meg. (Her er det ganske bratt altså...) Men det vart med tanken...:-)
Fint på toppen i kveld òg, sjølv om sola forsvann før eg kom opp. Stilt. Mørkeblått skylag ute i havet og nydelege haustfargar på vegetasjonen. Men jammen kjem mørket fort no...
Eg må nok ein gong få skryte av Lowa Jannu skoa eg kjøpte. Det var første turen, jubileumstur sågar, på Skålefjellet med dei i dag. Då eg småsprang heile vegen ned igjen frå toppen til bana, måtte eg spørje meg sjølv om eg hadde hatt betre sko på føtene til dette bruket... Uttrykket "best olympic games ever..." begynte brått å surre i skallen min...:-) Skoa er suverene! Dei er lette, nesten like lette som joggesko. Er passeleg stive (Vibram-såle). Og kjempebra retningsstabile. "Pustar" godt utan å bli klam på føtene, vasstette, og sist men ikkje minst - dei sit som støpt på underlaget. Eg sprang over visna gras og lyng, mold og stokk og stein i brattaste bakkane ned igjen. Det var nesten ikkje eit glepp på underlaget! Kanon... Med dette tilrådd! Eg skulle kjøpt meg eit ekstra par medan skoa er på marknaden...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar