Fra Driveknolten 220908 |
mandag 22. september 2008
Gylne tider
Med zoom og kompaktkamera: Nipebu (midt i bildet) og Fossedalshengenipa i solnedgang i kveld
Utsikt nordover mot Portafjellet og Stordalsfjellet
f.v Smørskornova, Skålefjellet, Røyrbotnholten, Vardenova(bak t.h.) og Stølsfjellet
Solnedgang over Dokka og Bakkefjellet
Eg hadde store problem med å komme meg over elva, der eg plar, nedom demningen på kraftverket i Rivedal i kveld. Det var mykje overløp på demma og elva var svær. Eg prøvde meg fleire plassar oppover, men var faktisk litt skeptisk på å falle ut i dei frådande massane. For steinane var glatte. Men etter å ha måtte kravla på og mellom steinane ved breidda eit stykke oppover, fann eg endeleg ein plass der elva delte seg i tre og eg kom meg med naud og neppe over. Eg kunne visst ha gått heile vegen opp og brukt brua i staden... Stuntet brukte eg ganske lang tid på...
Men dette var berre halve historia. For når eg kom ned igjen eit par timar seinare, etter å ha vore på Driveknolten, var elva vekke. Ja, du las rett. Då var overløpet borte, og det var berre att den vanlege sitla nedover dalen. Ikkje rart "elva" er død! Det var ei løya oppleving.
Det vart ein fantastisk tur i kveld. I solnedgang og utan vind. Det var faktisk heilt stilt på toppen. Landskapen var spektakulær i fargane. Med lange skuggar. Og spesielt rett før sola gjekk ned, var det som om alt var heilt gullforgylt. Eg veit knapt om eg har opplevd maken. Bilda fortel vel sitt òg. Dei er ikkje miksa og triksa med heller (dei siste er tekne med solnedgang innstilling på kameraet). Kor utruleg vakkert var det ikkje i kveld. Eit eventyr!
Ein annan ting som var greitt å bite seg merke i etter denne kvelden, var kor fort mørket kom. Det var ikkje lenge etter at sola gjekk ned, før det var nesten stummande mørkt. Og eg var eit godt stykke oppe på fjellet framleis. Godt då å vere i form til å springe ned igjen... Dette kan vere greitt å ha i bakhovudet. Det er lite kjekt å mørkne ute. Spesielt når fotomotiva er så vakre i fjellet som no, er det lett å gløyme klokka les: lyset...:-)
Det er ein magisk haust vi har. Og den ser berre ut til å halde fram... Dei finnst ikkje finare tid i fjellet enn no! Det er no fjellet byr opp til fest og vil ha deg som gjest...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar