mandag 1. september 2008
Fleire alternativ
MMS mot Straumsnes og Lutelandet ytst i Dalsfjorden i går
MMS mot Markavatnet i går morgon
Eg skulle egentleg vore med på 4 forskjellige opplegg i går, og det ende opp med at eg ikkje var med på nokon. Hadde avtalt med Dag Tore at han tok guidejobben på Skålefjellet, slik at eg kunne reise på Fossedalens Dag. Men sidan det ikkje vart nokon tur lørdag, kunne det bli mykje folk søndag. Så eg vart "heimeverande reserve" eller bakvakt om du vil.... Turen gjekk klokka 12.
Elles var det opplegg med Barnas Turlag i Askvoll og tur med IST opp nordsida av Heilevangstaurane, Munkesva, og til Storehesten som eg hadde lyst å vere med på. Men dette let seg då heller ikkje å gjennomføre.
No vart eg ikkje sitjande heime då...:-) Eg gjekk på Kvamsnipa. Det hadde eg tid til uansett når Skålefjellsturen gjekk såpass seint. Nydeleg morgontur. Det er noko med den tida tidleg om morgonen. Det spesielle lyset som er. Starten på ein ny dag. Og sjølvsagt artig å reise på fjellet, når andre nesten nett hadde lagt seg etter den store festen. (Dei heldt det visst endå gåande med musikk i halv 4. tida inne i fjorden...)
I halv 12. tida vart det klart at det berre var 8 stk som vart med på Skålefjellet. Det var sjølvsagt ikkje verre enn at Dag Tore ordna den biffen åleine. Peter var oppteken med kameratane sine og fruen fòr i kyrkja for å syngje, så då gjekk eg på Driveknolten - igjen... Og fullførte ei ny runde...
Eg må nesten seie at eg sikkert snart kjem til å drøyme om Heileberget og Hundeheia og strekka inn på Driveknolten (er vel eit uttrykk som heiter at det går til hundane...:-)) No må eg snart ha ein forandring i kosten. Men no traff eg Asbjørn og Sonja igjen, og sa eg kom til å gå til ut i oktober... Og skulle halde eit auge med sauene deira... Så då blir det nok fleire turar, så lenge lyset tillet det...:-)
Vèret var supert. Varmt og fint opp og innover. Sveitten sila både opp og ned. Spesielt i skaret under Høgknolten var det veldig varmt. Lufta dirra. Heilt stille. Men som vanleg - ikkje ei sjel å sjå! Nesten utruleg...
Vegetasjonen har blitt heilt gult og oransje oppe i fjellet no. Det vart tidleg haust etter den varme og flotte sommaren. Ein liten flokk sauer inne ved toppen var alt eg fekk auge på. Resten er nok trekte ned mot Vagstaddalen og Atlevatnet, kan eg tenkje meg. Det er rimeleg daudt blitt innover Heileberget... Men eg fekk meg endå ein fin tur i den varme haustsola og alle dei flotte haustfargane. Herleg...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar