torsdag 11. september 2008

Eit fargerikt fellesskap

Norge kan bli eit skakk-køyrt land for trengjande. MMS frå Sentrum Sør i Førde i dag No har eg vel stort sett klart å halde meg unna politikk på bloggen min. Det var ikkje meininga at den skulle fungere slik. Men nokre få linjer og eit lite unntak gjev eg likevel plass til i dag. Eg må seie at eg er sterkt uroa over det menneskesyn som kjem til uttrykk av "Jakop" her. Hvis det er slike haldningar og oppfatningar som skal gjenspegle vårt syn på folk som søkjer tilflykt hjå oss frå krig, tortur og forfølgjing, er det ikkje løye at Hitler kom til makta, tenkjer eg. Jødane var jo skuld i alt som var gale òg... No er det innvandrarane... Og Fremskrittspartiet og Siv Jensen surfar på denne bølgja av framandfrykt og redsel for det ukjende. Men kva er dette for slags syn på andre hjelpetrengjande medmenneske? Kardinalfeilen som går igjen, er jo at ein skjer alle grupper over ein kam. Stigmatiserer alt og alle. Sjølvsagt kjem det ein og annan lykkejegar. Og sjølvsagt òg mafia-inspirerte folk til landet. Men desse er jo så totalt i mindretal i høve til dei som har behov for hjelp og vern etter krig, lemlesting og tortur. Diverre er det som oftast førstnemnde grupper media er interesserte i å skrive om. Det er her sensasjons-overskriftene kan hentast. Og diverre er det her i frå folk hentar sine oppfatningar om asylsøkjarar og innvandrarar òg. Etter mi meining skuldast den store frykten for asylsøkjarar mangel på kunnskap. Sjå på asylmottaket i Florø kva dei har fått til. Leia av Melvær har mønsterbruket høg kompetanse på innvandring. Asylmottaket har tilført kommunen fleire titals millionar. For ikkje å snakke om nye impulsar, folk med stå på vilje for å få utretta ting, og ein styrke og vekst for lokalmiljøet. Og ikkje minst god arbeidskraft som vi treng. At folk generelt sett er redde for endringar er ei kjend sak. Det gjeld vel det meste her i livet. På generelt grunnlag er eg likevel overtydd om at nesten alle endringar er positive hvis utgangspunktet er nokolunde ope. Det viser seg elles i alle målingar at dei som er mest mot innvandring, er dei som har minst erfaring med folk frå andre kulturar òg. Dei kjenner ikkje eit menneske med annan hudfarge. Likevel kan dei vere mot all innvandring... Eg trur at di meir ein omgåast di meir positive blir ein. Og det er vel kanskje ikkje så rart, for sjølv om vi kan vere ulike på mange måtar, så må ein jo lære kvarandre å kjenne. Slik er det vel med alt. Spesielt når skilnadane er store i utgangspunktet. For det er jo nettopp då ein har høve til å lære meir om seg sjølv og andre individ. Ja, det er jo individ vi snakkar om! Frå forskjellige kulturar, land, etniske grupper, språk - så forskjellige at det sjølvsagt ikkje går an å snakke om ei gruppe... Eg var så heldig å vekse opp i Dale. Som daling vart vi vane med folk frå andre lag og land. Anten det no var frå Vevang, Pigeskolen, Skofabrikken eller Lillingston, Becker etc. Her var danskar, tyskarar og eg heldt på å seie bergensarar. Folk frå alle klassar. Ikkje minst kom her amerikanarar reisande, eller det vil seie norsk-amerikanarar eller forfedre av desse som hadde fere "abroad" for å finne lykka "over there". Reiste frå naud og fattigdom her til lands. Seinare åra har vi jo fått UWC og Nordisk kunstnarsenter. Truleg som ein fylgje av dei gamle tradisjonane som lever i bygda. Eg er sikker på at oppveksten min har hatt mykje å seie for at eg er ganske tolerant overfor andre folk, anten dei no er brune i huda eller ikkje. For dei er no like mykje menneske som oss uansett kvar dei kjem frå eller ser ut? Er vi vortne så mette og sjølvgode i dette landet at vi ikkje kan vår eiga historie ein gong? Som knapt greier å sjå over vår eigen mage lenger? Eg er glad for at eg kan møte innvandrarar og andre med ope sinn, og vil ta mot dei som ein ressurs, og ikkje som ein potensiell Al Qaida sympatisør eller narkotikalangar.... Møte dei som ein av mine eigne... Folk som trur ilt om andre, har det ikkje godt med seg sjølv - det er eg sikker på! Og eg vil heller prøve og forstå folk det går gale med istaden for å kappa av dei armen... Eg skal ikkje bruke noko meir tid på innvandrings-spørsmål her. Då kunne eg jo halde på i dagesvis. Eg vil berre avslutte med å seie at vi som rikaste landet i verda må ha høve til å hjelpe folk i ein vanskeleg livssituasjon. Det er heilt essensielt for meg. Og bestemor mi, som var snillaste menneske i verda, og var fødd i Amerika, hadde vore heilt einig med meg! MMS frå Kvamsnipa i ettermiddag Eg tok sjansen på ei liten tur oppom Kvamsnipa heim igjen i dag. Foten fungerte faktisk heilt fint. Litt stiv i leggen og i stinga var eg etterpå. Men det er ingen ting. Veldig bra! Det var heftig og mild austavind oppover, og solskinn. Men no er sola så låg her oppe at den faktisk forsvinn på deler av nordsida om ettermiddagen. Fint og tørt. Godt å få ta seg ut litt igjen. Ser ut som vi får ein skikkeleg Indian Summer i år. Meldingane for helga og neste veke ser jo flotte ut. Så dette kan bli ein herleg haust på fjellet. Eg gler meg...

Ingen kommentarer: