søndag 19. oktober 2008
Lanterner til havs
Mobilbilder frå Høgeheia i dag
Då natt lei mot dag var eg på plass i Hollevika i dag tidleg. Eg hadde teke med meg refleks-stengene og ryddesaksa. Vèret var skiftande. Eg fekk plassert ut stengene undervegs frå midtpartiet og opp, slik at det var sikt frå stikke til stikke. I tillegg varda eg ein heil del i same området. Frå same partiet og ned rydda eg ein del einer og litt gran-greiner i det små feltet. No gjenstår det berre og få på plass nokre refleksbrikker i nederste delen. Er vel ikkje nødvendig med så mange, då stien er veldig god her. Har tru på at dette blir ei topp trimløype med hovudlykt til vinteren. Eg har forresten investert i ny lykt, så det her skal bli spanande.
Det som blir største utfordringa, er sjølvsagt at Stavenesodden ligg klin i havgapet. Med Alden og Stavfjorden rett utanfor! Og så vèrhardt som det er her om vinteren, kan det bli litt av ei utfordring å ta seg opp og ned i svarte natta... Har jo nokre turar på Skylefjellet i friskt minne! Det er ikkje mindre vèr her ute for å seie det på den måten...! Er vel ikkje så rart at folket ved havet blir noko kròkne i ryggen med åra...:-)
Vel, vi får sjå det an... Kan jo ikkje sette livet på spel heller... Heldigvis er her god mobildekning, sjølv om det mildt sagt ville vere flaut å måtte spørje om hjelp! Å få rykte på seg som ei pingle, ville vere det verste som skjedde her i livet kan du skjøne...:-)
Elles er her mykje fugl på trekk i området ved Staveneset no. Svermar med gråtrast, raudvengjetrast og måltrast. Til og med to ganske store flokkar med ringduer tok seg ein rast. Havørna var òg på plass. Den er stasjonær. I dag var ho mobba av nokre ramnar. Staveneset er òg innflygingssone for kvitkinngås frå Svalbard. Dei tek siste proviant-fyllinga i Bulandet/Værlandet før overfarten til Storbritannia... Fleire er ringmerka, slik at det går an å fylgje dei... Staveneset er spanande på mange måtar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar