fredag 3. oktober 2008
Siste dans
MMS-bilder frå Fristadfjellet og Eidsfjorden i ettermiddag med uvèr i vente.
Eitt år har gått sidan eg aktivt satsa på fjelltrimmen. På denne tid i fjor greidde eg endeleg å kvitte meg med dei kneproblema eg hadde hatt frå rundt påsketider. Det var ei fæl tid! Eg er nesten sikker på at det var jogging på asfalt eg ikkje tolte. Men det har gått som smurt etterpå. Ergometersykkelen gjorde underverk. Nesten for godt til å vere sant! Som eit mirakel egentleg. Og forma har berre vorte betre og betre etter som vekta òg har minka.
Eg har tidlegare gitt Efalex (tablettar av tunfiskolje med Omega 3 og 6) ein del av æra òg. Desse har hjelpt som "smøremiddel" på ledda, trur eg. Til vanleg har eg lite tru på slike mirakelkurar. Og eg har vel blitt meir realist med åra... Men trua har hjelpt mange seiest det:-)
No gjeld det å halde forma vedlike i mørketida. Vi har trimrom på jobb som kan nyttast. I tillegg har eg tenkt å nytte bassenget i Askvoll ein del. Men først og fremst har eg håp om å få ut refleksstengene på Høgeheia på Staveneset. Dette er ein av trimpostane for neste sesong. Denne startar mandag.
Eg var nedom Fristadfjellet etter jobb i kveld. Som sagt har eg vore litt usikker på antalet turar her nede. Praksisen har visst vore å ikkje skrive opp antalet gonger ein har vore der i boka - for løynda sin del. Men no trur eg det er likt med dei andre toppane... Det vil seie, eg har jo ein del meir på Skylefjellet og Skålefjellet då, men for rundene sin del...
I morgon blir det namnedag for Tora til Håvard og Miriam, så då blir det vel lite fjell. Men søndag blir det kanskje langtur om Blegja til Eitrenipa med 2 stk fjelltrimbøker. Eitrenipa går eg uansett veir (Blegja er fast kvart år, så der ligg det jo bok. Men den må skiftast før vinteren...) Meteorologane trugar med snø. Så då kan det fort bli tøft.... synest eg sprang rundt i berre shortsen hin dagen...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar