Fra Høgeheia 261008 |
søndag 26. oktober 2008
Om å gape for høgt
Overløpet ved Markavatnet (det var minst det doble i dag tidleg)
Dei brukte eit uttrykk i Dale før som heitte "din gape", med trykk på a. Kjem det av å gape for høgt?
Eg begynte nemleg og lure i mørkna ved demninga på Markavatnet i dag tidleg. Klokka var ikkje meir enn 6.15 etter ny tid. Eg gjekk med hovudlykt. Det regna og var ganske ufyseleg. Alle "normale" folk låg jo i senga og sov. Hadde nokon sett meg, hadde dei sprunge til skogs og trudd dei hadde møtt fanden på flat mark...
Tanken var å nå oppom Eitrenipa, og deretter ta ferja til Dale kl 11.30. Hauglandssenteret med bading stod på programmet. Slik gjekk det altså ikkje.
Første aninga kva veg dette bar, fekk eg omlag halvveges bort til vatnet. Det dura skikkeleg av elva nedom og bortom stien. Overløp, sa den lyden meg med det same. Bange anelsar. Dei slo verkeleg til då eg kom fram. For eg har aldri sett overløpet så stort. Det var 25-30 cm i frådande vassmassar utfor kanten av betongen. Ikkje sjanse om å komme over! Og nokon annan stad er det ikkje mogeleg å gå her. Då måtte eg heilt tilbake, ned vegen og over brua og opp på hi sida. Her er det dessutan nesten uframkomeleg. I mørkna var det fullstendig galskap og i heile tatt prøve på noko stunt. Det går ei grense for kva som er forsvarleg...
Trøysta får vere at det er flotte vèrmeldingar over helga. Og neste helg kan bli svært fin.... I mellomtida får vi gå på litt refleksstenger...!
Frå Hollevika i dag (fuktig mobil-linse..)
Seinare....
Så vart det ikkje Haugland og bading likevel. I staden gjekk eg på Høgeheia først, og Olaug etterpå med Dag Tore, Anita og Vigdis. Då vart Peter og eg heime. Han fekk nytt spel på DS,en i går, så han er ikkje tilsnakkandes... Greitt nok dette for ei stund...:-)
Det var tydeleg at det hadde vore enorme krefter i sving på fjellet. Det første som møtte meg, var eit ganske stort tre som låg over vegen på Underset. Eg brukte bra med tid på å få flytta det såpass at eg kom meg forbi med bilen. Og jammen bles det godt ute i Hollevika og på fjellet endå.
Det var ei lita lette å sjå at refleksstengene stod. Faktisk alle! Utruleg. Mange rett nok på halv åtte, men dei var der. Det var litt verre med enkelte av vardane. Store steinar var flytta. Vanskeleg å skjøne korleis det hadde gått an med eit par av dei. Voldsomme krefter hadde vore i sving, spesielt i går kveld vil eg tru, då vinden slo over på vest.
Eg hadde nesten venta bløyta i terrenget verre enn det var. Muleg det hadde regna meir lenger inne? Nedslagsfeltet til Markavatnet måtte iallefall ha fått sin del! Det var skodde på toppen, men den fòr igjen. Noko anna var det med temperaturen. Bikkjekaldt i vinden, og eg hadde ikkje byte med meg på denne relativt korte turen. Eg sprang difor kvikt ned igjen med naglespreng på nevane etter nokre mobilknips ...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar