Naturens eige lysshow på Høgeheia i kveldSola stakk såvidt gjennom skydekket ute i havet då eg returnerte til Hollevika frå Høgeheia i kveld. Solnedgang nord for Alden i oktober! Eit fargesprakande crescendo av lys! Som kunne ta pusten frå kven som helst! Det var ikkje mange minuttane det stod på. Før skyene igjen slukte den livgjevande sola... Men eg var der! Akkurat då... Det var som ho ynskte meg god kveld og takk for ein fin dag, der eg kom vandrande fjellet i einsemd vestover. I halvmørkna. Det var ein magisk augneblink. Eit fingerknips av tid. Likevel stod tida stille - litt...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar