søndag 12. oktober 2008
Mellom måltida
MMS frå Høgeheia og Hollevika i dag
Vi har hatt besøk i helga av Kirsten, søster til Olaug, og Arnt frå Åsane. Frukosten i dag tok difor lang tid. Spesielt hvis eg reknar i hop at eg åt frukost to gonger. For Peter og eg var oppe tidleg, og då gjekk jo sjølvsagt havregryn med banan ned på høgkant.:-) Til frukost nr.2 kom dessutan Håvard, Miriam og Tora òg... Så då vart vi ein heilt gjeng og liv i heimen. Olaug sytte for det lekraste frukostbord. Ho er flink med slikt...
Men ein kunne jo ikkje sitte der heilt til middag heller. Så medan dei andre gjekk tur etter vegen til Stongfjorden og båthamna, køyrde eg i Hollevika og gjekk på Høgeheia. Det var jo ei fornuftig utvikling av dagen...:-)
I dag var det full klaff med vegvalet i Hollevika. Eg fann ein perfekt trassè til venstre oppe i skaret og opp på fjellet. Der eg var tenkt å gå sist med Olaug, men prøvde ein "kjappis", som resulterte i fjellklatring i staden. Denne ruta har nok heilt sikkert eldre folk nytta tidlegare for å komme opp hamrane og innover fjellet. For første delen gjekk an å sjå hadde vore nytta av sauer eller folk før.
Det er svært vèrhardt på Høgeheia. Med Staveneset og opne havet rett i vest, og Stavfjorden rett mot nord, seier det seg sjølv at vinden tek enormt oppe på fjellet. Som ein sjølvfylgje av dette, har kraftbransjen difor sett sine auge på området for mogeleg vindkraftproduksjon (eg skal late dette mogelege mareritet ligge no. Då kjem nemleg sinne og illmotet fram). Det var ikkje så hakkande gale med vinden i dag, sjølv om det røska godt i kroppen til sine tider. Og heldigvis var det opplett medan eg var oppe.
Etter å ha vore på toppen og snudd nedatt, høyrde eg nokon rope ved varden. Der såg eg to personar, den eine med stavar. Men det var umogeleg å sjå kven det var. Eg var for langt unna. Eg vinka difor berre til helsing og heldt fram mot Hollevika igjen. Etter at eg var komen heim att, såg eg eit ubesvart anrop på mobilen. Det var nabo Kjell som hadde ringt. Eg ringde han. Då viste det seg at det var han og Magni som hadde stått på toppen. Dei hadde tenkt å slå lag med meg ut att i Hollevika og sitte på med meg til Underset der bilen deira sto. Men det var jo sjølvsagt litt i seinaste laget då eg sto i underbuksa i kjellaren....:-)
Rett skal vere rett. Eg bomma litt på nedgangen av fjellet til Hollevika igjen. Det er i grunn berre ein plass det går an å komme seg ned på skapleg måte her. Elles må du ta ned fjellsida mykje lenger oppe. Eg gjekk difor opp igjen eit stykke der eg kom i frå, og fekk plassert nokre vardar ned mot skaret. Skal bli lettare å treffe ovanfrå neste gong no.
Det var ein kjekk tur. Ikkje minst det å finne den flotte stien inn fjellet, fekk godkjensla fram. Dette alternativet kjem iallefall eg til å nytte meg meir av.:-) Sjølv om dette kanskje er litt lenger enn frå Underset, tykkjer eg det er svært fint og gjevande å gå mot havet. Eg får det spesielle og fine lyset i vest med meg heim igjen... Og så er det jo vakkert i Hollevika og Staveneset òg då... Området har sin heilt spesielle sjarm og plass hjå meg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar