Fra Skålefjellet 021008 |
torsdag 2. oktober 2008
Ringen er slutta
Bilder frå Skålefjellet i kveld
Det var ein nydeleg avslutningstur på Skålefjellet for sesongen i kveld. Flotte haustfargar i det kvervande lyset. Mange tankar slo meg. Og mange turar hugsar eg godt frå siste året.
Det som først og fremst er så fengslande når eg ser tilbake på alle turane, anten det er Skålefjellet eller dei andre postane, er årstidene. Nokre turar i fjor vinter i snøføyke med null sikt og bitande kald vind, har eg friskt i minne (alle turane ligg forresten på bloggen òg - fint soleis:-)) Likeeins påsketurane der sola varma etterkvart. Den ultimate psykiske stimuli etter vinteren. Til turane i sommar der kun shortsen og kamera var det einaste eg bar! Slik kan eg ramse opp i det uendelege. Det er årstidene som gjer landet vårt...
For min del er det såleis fantastisk å sjå tilbake på denne tursesongen. Den beste eg har hatt. No er det slutt. Litt vemodig er det - tida kjem aldri att! Men til helga er det blanke ark... og fargestiftane har vi jo sjølve - tilliks med naturen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar