onsdag 22. oktober 2008
Mosjon i svarte natta
MMS-Høgeheia i kveld
Det gjekk heilt problemfritt med hovudlykt på jomfruturen på Høgeheia i kveld. Vèrmeldingane var jo både det eine og det andre... Faktum er at det vart heilt topp. Stjerneklårt og berre ein frisk bris. Og nyelykta fungerte perfekt. Brukte stort sett berre halv styrke på lyset. Refleksstengene stod som perler på ei snor oppover. Eine gongen talde eg tre stenger, og mot toppen faktisk fire, i mørkna. Det var nesten slik at det vart i meste laget med skinande refleksar. Vart jo nesten blenda...:-) Eg lurte faktisk på om eg skulle nappe med meg nokre ned igjen - for å gjere det litt meir spennande. Men eg tok det i meg, for som sagt, det var heilt optimal sikt i kveld. Tenkje stengene kan vere gode å ha når rennefokket står som eit gòv over nakne fjellet...
No sit eg med ei god kjensle over at det er godt å kunne gå til alle døgnets tider framover - uansett lys og sikt... Bilda blir det vel verre med... Dei kan fort bli klisjèaktige. Same glisande fjeset og same varden i blitzlys, er vel ikkje så veldig interessant...:-) Eg trur difor at det får halde ei stund med desse to bilda i kveld, så får eg heller ty til det rikhaldige arkivet med eitt og anna foto... Det er jo måte på kor navlebeskuande ein skal bli. Dessutan - å telje rynker er ganske deprimerande...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar