fredag 17. oktober 2008
Nyfiken ungdom
Mobilbilder frå Høgeheia i kveld
På oppfordring frå Arild G. legg eg inn eit par bilder av Alden i bakgrunnen i kveld òg. Arild har residens og utegangarsauer på Heggøya rett nordaust for Alden. Han kjenner betre enn dei fleste lyset ved havet!
Det var nemleg kjempeflott lys frå Høgeheia (Staveneset) igjen. Same tendensen til lysshow som hin kvelden. Men spesielt lys er det nesten kvar kveld. No hadde eg berre med mobilen. Og det blir ikkje heilt det same som med kompaktkameraet.
I kveld hadde eg besøk det meste av vegen oppover. Ei ungdommeleg havørn følgde meg tett (var ikkje kvit på velet som eldre fuglar er). Ho var faktisk ikkje meir enn 8-10 meter over meg fleire gonger. Den sveva nyfiken etter meg lenge, skakkande på hovudet der oppe. Skulle nesten tru ho var oppfostra i fangenskap så lite redd ho var. Fantastisk artig!
Som eit apropos kan eg nemne at havørn er spesielt utsette for kollisjonar med vindturbinar. Norge har eit spesielt forvaltaransvar for havørn i Europa...
I kamp mot mørket fekk eg tid til å sette opp nokre nye vardar. Det manglar berre litt på midtpartiet no. Blir litt jobb med denne delen då det er lite stein her. (Nokre stikker er sikkert like greitt...:-)) Men det er berre snakk om eit par-tre hundre meter i ganske bratt terreng med mose/gras/einer og litt myr... Blir steikje fint å gå her. Men du verden - her er vèrhardt! Skal bli artig og tøft i vinter...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar