onsdag 2. mars 2022

Blåfjellet i Askvoll

Utsikt frå Blåfjellet i Askvoll

Blåfjellet i Askvoll er ein av dei nye trimpostane på TiTur Dalsfjorden frå 1.mai. Toppen er 533 moh. Og er med dette det høgste fjellet på sjølve Askvollhalvøya. Som med dei andre toppane i dette området startar turen frå parkeringsplassen ovanfor kyrkja. Det står infoskilt her. Og er elles skilta inne ved Presteelva. Det er god sti til toppen. 

I år dukkar nok vindturbinane på Lutelandet opp i dette motivet frå Blåfjellet

Frå Blåfjellet er det fin utsikt. Spesielt til Sauesundet, Gjervik og Atløyna. Også til Hovden som òg er ny post på TiTur. Elles ser vi til havet og Staveneset. Også til Ringstad og innover Dalsfjorden i aust. Under er ein ny bildeserie eg har sett i hop.  

Ingen kommentarer: