mandag 6. august 2018

Campingliv, teater og årets plommer

Jeff Pedersen og Marie med høveleg innstilling på kameraet...
tilpassa Harastølen og som metafor for sjølve stykket..

Marie på Harastølen

Livleg i hyttene på Vassbakken
Her Olina, Miriam, Tora og Alice Vie

Vi hadde ei stor og kjekk helg i Skjolden og Luster denne helga. Jeff Pedersen Produksjoner si oppsetjing av Det gule tapetet på Harastølen stod på programmet. Tilrettelagt av stongfjordingen Jeff Pedersen og holmedølingen Rolf Losnegård. Turen var lenge planlagd. Og billettar til førestillinga lenge bestilt. På Vassbakken Kro & Camping fann vi høveleg overnatting i 3 hytter, telt og campingvogn. Alt i alt var vi "ein heil bunch"...! Med smått og stort. Avreise var direkte til Skjolden etter arbeid på frdag. Medan dotter mi Kristine med familie kom laurdag i si eiga campingvogn frå Førde.


Vassbakken Kro og Camping synte seg å vere ein idyllisk plass med vakkert uteområde og leikeplass.. Hyttene vi hadde leigd var heilt greie. To av dei med innlagt vatn, wc og dusj.  Kro med servering og god service var her òg. Ein del av inventaret helde i flott, gamal stil (sjå foto). 

Det var 4 førestillingar på Harastølen laurdag. Kl 14,16,18,20. Vi avtalte det slik at Olaug, Marie, Øyvind og underteikna gjekk på første førestillinga, og vart barnevakt på to av dei andre framsyningane. Sidan Ingrid Anita, sambuar med Torbjørn, har sin familie frå Skjolden, vart ungane sette av her til avhenting til første pulja med underteikna rakk ned igjen. Seinare vanka det lasagne til kveldsmat. Stor takk til familien Bolstad som fødde opp ein heil gjeng med mat. Ikkje nok med det - enkelte gjekk laus på årets plomme- og bringebæravling med stor appetitt..... (tipp kven...).



Andreas i plommehagen til Anders Bolstad i Skjolden

Eit par ord om teateret. Rett og slett fantastisk. Imponerande av Kjersti Elvik i hovudrolla. Seinare viste det seg at ein skifta på denne. For etter kva eg forstår spelte Berit Einemo Frøysland frå Lærdal den depressive mora klokka 16. Og då truleg klokka 20 òg, slik at ein veksla på det. Eg kjende forøvrig igjen Frøysland etter at ho spela engelsk agent i "Krig" på Staveneset. Historia denne gongen ser du i linken øverst. Den var sterk. Gripande. Og på slutten vanka det ei tåre i augekroken. Etter at håra på kroppen hadde reist seg fleire gonger tidlegare. 

Jeff Perdsen ønskte velkomen

At sjølve teaterstykket var lagt til Harastølen, var neppe tilfeldig. Når ein tenkjer på historia til denne staden, kva stand ein ser bygningane er i, så passa denne scena utruleg bra til stykket. Ja, ein blir jo bevega av berre å vere på Harastølen. Å vandre rundt dette utruleg flotte bygget som er så prega av vèr og vind, er ei mektig oppleving i seg sjølv. Nett som bildet på den depressive mora! (Her fotoserie frå Harastølen i fjor haust). 

Historia om Det gule tapetet, eller The Yellow Wallpaper, vil følgje meg lenge.
     

Kjersti Elvik spelte imponerande i si tolking av ei fødselsdepressiv mor



Ungane storkosa seg i Skjolden denne helga....

Igjen - tusen takk til familien Bolstad for servering og gjestfriheit denne helga. Neste gong eg kjem er det nok ikkje teater som står på programmet. Heller fiske og friluftsliv i den fantastiske fjellheimen i Indre Sogn. Turen til Åsetvatnet og Osen i fjor haust lever også i minnet...



inkl mobilbilder

Ingen kommentarer: