onsdag 15. august 2018

Bukken på Daletur

Bukken i Fossevikja
Foto: Asbjørn Igelkjøn 
Det utvikla seg til dels dramatikk i går då ein bukk og eit kje frå nordsida av kommunen hadde forvilla seg til dalsfjord-sida i sør, og sågar teke seg ein tur ut på Dalsfjordbrua. Det kan sjølvsagt skrivast mykje om bru og bukkar. Også at det er flott utsikt frå brua. Både mot fjell, bygd og fjord. Men det er vel gjerne tvilsomt om nemnde følgje var ute etter akkurat det... Moro lell at det vart litt action på Facebook sida i Dale, og eit aldri så lite refreshment av dei tre bukkane bruse. Og for å spore opp eigar av det forvilla følgjet.


Mountainsinaskvoll fekk i går kveld såleis oversendt eit foto av bukken. Utan særleg møye fekk vi greie på at herkomsten til følgjet var Skorvemarkja. Det var sist sett i Svelia for nokre dagar sidan. Komne vekk frå flokken sin.


Som ein veit er det mange vegar til Rom. Også over fjellet til Dalsfjordbrua. Så kva slags veg (les sti) bukken har teke, kan vi dvele litt ved. Vedlagt ligg eit kart over det interessante området så lesaren kan følgje med i svingane.

Eit eldorado for ein bukk


Om bukken har teke strake vegen frå Svelia til Otterstein, og ville teste den nye stien frå Fossevikja, er det i grunn grei skuring. Han har då berre teke inn på ruta frå Stongfjorden til Nipebu, og vidare om Fossedalen til Dalsfjordbrua. Om han ikkje har vore innom Nipebu, har han gjerne følgt Dalsstoredalen til Dalsstølen den vegen, og Fossedalen vidare til fjords. Han kan sjølvsagt òg ha teke seg sør og austover via Vagstaddalen. Mogeleg over Stølsfjellet der det ofte går geiter, og hamna inn på ein av stiane nemnt ovanfor.

Vel, desse spekulasjonane er tekne ut frå siste observasjon. Men som ein veit med bukkar bevegar dei seg over store område. Så med utgangspunkt Skorvemarka, der bukken og kjeet høyrer heime, er det ikkje så unaturleg at dei kan ha teke seg via Porten og Stordalen til området vest eller aust om Fossedalshengenipa, og sørover til Fossedalen. Heller ikkje er det usannsynleg at dei kan ha teke den sørlege ruta på vestsida av Krokavatnet mot Øvre Fossedalen. Eller for den del sørover den austlege ruta ved same vatnet. For som ein veit går det ein god del geiter i området ved Eitrenipa. Når det er sagt tvilar ein på at dei har teke seg over Eitrenipa og ned Eitreskaret mot Øvre Fossedalen, og den vegen til Ottersteinen. Vi snakkar vel ikkje om toppturgeiter heller. I denne samanhang. 


Nei, som sagt - det er mange vegar til Rom - og Dalsfjorden. Også for dei som kjem frå nordsida av kommunen og Skorvemarkja. Underteikna har gått dei alle. Suverene turar. I det flottaste av landskap du kan tenkje deg. Med fossar, elvar og vatn. Estetiske nytelsar med eit rikt dyre- og fugleliv. Og fisk i vatna. Ja, vi veit ikkje kor godt vi har det rett utanfor stovedøra. Kanskje ikkje så rat at bukken vår ville prøve litt nye stiar. Det burde nok fleire ha gjort. Det siste eg har høyrt var at bukken vart sett i følgje med to ungdommar opp Kleivane. Dei skulle på Kringla…. I går kveld. Så til dykk alle - ta vèl imot bukken om du ser han. Han er berre ute på nye eventyr...


Ingen kommentarer: