lørdag 16. september 2023

Sanking

"Mine" 10 ved Hjartebuvatnet - søraust for Toreheia
Fargeforskjell på 7 som har gått ved tidlegare avsvidd område ved Rinda - 
3 stk frå Yndestadhøgeheia er kvitare i ulla.

Dei første 7 gjekk ved Rinda her

Stongfjorden og Yndestadhøgeheia t.h.

Krikavatna, Mangevatna og Skylefjellet i lett skodde og regn i dag

Nede igjen ved Svartevatnet

Eg var på sanking på nordsida av Stongfjorden i dag. I lett regn og litt skodde. Og fekk med meg dei 7 sauene som har gått ved Rinda, ovanfor Yndestad. Godt sommarbeite her. Sauene heimehøyrande i Vågane. For lokalkjende er jo dette eit godt stykke lenger vest enn heimebøen.. ! 

No veit eg ikkje om det går an å gje sauer honnør... men faktum er at dei gjekk galant den merka ruta til Krikavatna (vel først over nokre myrar då...). Her oppe gjekk dei vidare si eiga "merka" ruta nord om vatna. For så å gå opp dalen mot Toreheia. Denne ruta er litt lenger enn å gå over vadet på vatna...😊 

I søraust av det sørlege vatnet fekk eg så auge på ei søye med to lam. Fekk sjekka ut status på dei, men det var ikkje særleg hjelp i å gaule at dei skulle komme! Så eg laut bite i det sure eplet å gå runda rundt begge vatna, for så å få guida dei i lag med dei andre 7. Dette skulle derimot vise seg å bli ein seig materie...! 

Ved Krikavatnet (sør) - eg måtte to runder rundt i dag...! 


Dei 7 første som hadde gått både vel og lenge. Våte, og i eit par, tre timar frå Rinda, hadde nok godt av ein pause oppe i dalen. Her nedom og vest for Toreheia. Men dei tre av det meir kvite slaget ville ikkje den vegen. Først tok dei ein snur vest om vatnet for deretter opp på Yndestadhøgeheia. Så då var det først og gå vest om vatnet for deretter å klatre opp bratta frå vatnet. Dei 3 såg eg ikkje meir til. I første omgang. Og kryssa fingrane for at dei ikkje hadde teke vest oppe på høgda. Og mogelegvis hadde dei litt heimlengt i blodet og teke rette vegen 😁 

Så då var det å gå nord att og ned att til dei andre 7. Og få dei på gang igjen. Eg prata litt med dei at "de har no fått ein bra pause no" - "det er verre med meg"... 😄 Så då gjekk dei vidare opp dalen. I skoddeheimen. For no hadde skodde sige på og regnet sildra...! 

Så måtte eg sjølvsagt få dei 3 oppe på fjellet til å gå att. Så då var det sør og opp igjen her. Men i løpet av ein liten halvtime fekk eg dei samla! Jøss. Sweet. Som eg hadde tenkt. Men det hadde kosta - så då drog eg fram eit par skikkelege bitar med melkesjokolade 😊

Sauene tok ruta vidare rett sør om toppen på Toreheia. Og deretter mot Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet (første bildet). 

Her oppe tok eg så ein telefon til eigaren Henrik V. som i lag med Tormod S. hadde kome opp frå Stavestranda i retning Toreheia. Henrik hadde med seg 6 frå Kjennahola og Tormod 5 frå lenger vest (på ruta frå Skylefjellet). Dei kom i kvart sitt lag. Med ringlande bjøller i skoddeheimen. I telefonen, og i møte med Tormod, vart vi einige om at mine timar var fullførde. Deira sauer vart samla med mine ved Hjartebuvatnet. Så eg "slapp" å gå vidare austover retning Ytrevågefjellet og kunne gå heim igjen via Toreheia, Yndestadhøgeheia, Svartevatnet og Rinda. 5 timar utan pause, opp og ned og att og fram,  ja, det kjendest i føtene... Sveitte og væte. Ei god økt! 😌

Stongfjorden i dis og regn i dag 



Ingen kommentarer: