torsdag 27. juli 2023

Fiske i Fossedalstraktene

 




Nokre fiskebilder frå Nipebu

Frå Facebook-sida til Fossedalen

Blogg: Spikra i minnet

Vi har tidlegare såvidt vore innom fiske etter kjø i Fossedalen og området ikring. Generelt kan ein seie at det er fisk i alle vatna. Frå Atlevatnet i vest til Botnatjørna i aust. Langevatnet og Nipevatnet ved Nipebu var omlag fisketomme pga. sur nedbør, men eit stort kalkingsprosjekt av Jakt & Fiskelaget i Askvoll fekk bestanden opp igjen. Saman med Krokavatnet har desse vatna vore gode fiskevatn frå gamalt av.
I dag er nok diverre situasjonen slik at det blir fiska for lite. Difor er ikkje kvaliteten og storleiken på fisken alltid like bra. Men du kan likevel få flott steikefisk i mange av vatna.
Oppfordringa framover må vere å ta med seg telt og fiskestong å prøve fiskelukka i nokre av dei mange vatna i området. Vil du ha det litt meir behageleg sjekkar du inn på DNT-hytta Nipebu. Eller du kan finne deg ein av dei mange hellarane i området å ligge under. Ingenting slår ei stille stund med bålkos og fiskestong ved eitt av dei mange vatna i Fossedalen. Og det er garantert godt for helsa.
Det er frltt fiske med stong.
Shit fiske!

Ingen kommentarer: