fredag 7. juli 2023

Gravferd

Eikenes-Dale 

Før Dalsfjordbrua

Eg var i gravferd i dag. I Holmedal. I det høve kom presten inn på historia til Dalsfjordbrua. Vedkommande dagen galdt, Sveinung Kristiansen, var ikkje så mykje politisk engasjert. Men var dessto meir oppteken av kva parti som i si tid gjekk mot brua.... Ja, slik kan det seiast. I dag er brua ei sjølvfylgje. Og eit voldsomt pluss for regionen. Det kan igjen rettast ei stor takk til alle som stod på for brua - og eit farvel til ferja. I dette høve passar det på fleire måtar å plukke fram diktet "Ferjereiser" av min kjære onkel Herbjørn Sørebø. Det lyer slik:

Mi første ferje i livet
gjekk alltid før bussen kom,
så eg budde på pensjonatet
på eit lite og trekkfullt rom

Og seinare har eg venta
på ferje i mang ei stø.
No veit eg at timen og æva
er mest like lange i kø.

Ein ventar alltid på ferjer.
Dei går og kjem som dei vil.
Og framme og bak er dei like.
Dei går når du trur dei legg til.

Mi siste ferje i livet
i begge endar har stamn.
Men rutetabellen er ukjend
og ferja har ikkje namn.

-Herbjørn Sørebø-

Ingen kommentarer: