lørdag 1. juli 2023

TiTur Taket

Med broder Sigvard og Olaug på Taket i dag

Med fabelaktig utsikt mot nord og vest - 
vi ser Heileberget mot venstre, Fossedalshengenipa, Kringla og Eitrenipa i midten, og Blegja mot høgre

Olaug ved Myklebuststølen

Dyttingane -
med utruleg flott lagde heller over elva...

Då er siste post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden unnagjort. I lag med Olaug og broder Sigvard tok vi turen på Taket. Det ligg mellom Steiestølen og Guddalen i Fjaler. I eit fantastisk vèr på morgonen, og i god temperatur og vindstille, fekk vi oss ein fabelaktig tur opp dit frå Dyttingane på Steiestølen. Stien var veldig god. Tørr og fin. Og særs bra merka. Fantastisk arbeid!

Frå Taket er det nydeleg utsikt i alle retningar. Til alle fjella på nordsida av Dalsfjorden og til Atløy i vest. Eg tok nokre mobilbilder som ligg på vedlagde link. Dei fortel vel alt. 

No er det god tid til TiTur Dalsfjorden er over for i år. Så truleg blir det ein og annan retur til nokre av dei flotte postane ein har hatt i år. Bravo for TiTur Dalsfjorden 😄 

Foto Taket 010723

Ingen kommentarer: