lørdag 1. mai 2021

1. mai tur til Rivedal

Vårstemning i Rivedal -
Dokka og Bakkefjellet i bakgrunnen

Snøfritt på toppen av Vardenova - Dokka t.h.

Negardsstølen/Lisetstølen

Litt snø i nordhellingane ved Nyksvatnet.
Røyrbotnholten midt i bildet

Det høvde i grunn godt å ta 1.mai turen til Rivedal i dag tidleg. Frå gamalt av ei god arbeidarbygd. Og på Boge blafra flagget flott i vinden då eg køyrde forbi i 08-tida. 

No er det vel sikkert nokon som tenkjer at eg skulle på 1.mai frukost ein stad i bygda. Men så var altså ikkje tilfelle. Innbydingar til felles sosiale lag er gjerne mangelvare for tida. Så turen gjekk frå parkeringsplassen vest om Ura og opp kraftvegen. Deretter forbi Lisetstølen,over myrane og opp under Røyrbotnholten. Så austover DNT-ruta forbi Nyksvatnet mot Nipebu eit stykke før eg skar opp på Vardenova. 

Litt vått over myrane vest om stølen. Men tørt og fint oppe i bakkane. Elles litt snø i nordhellingane ved Nyksvatnet. Også lenger oppe aust om vatnet. 

Veret var delvis skya med nokre solglimt. Elles kjølig i trekken, men relativt vindstille. Nokre bilder og skifte til tørre klede. Så ned att same vegen. Flott start på 1.mai! Til lukke med dagen!

Mobilfoto Vardenova 010521

Ingen kommentarer: