mandag 3. mai 2021

To fluger i ein smekk

I trollskogen ved Presteelva

Kultingane og Fristadfjellet t.v. Blåfjellet t.h.

Langs høgdedraget mot Kultingane og Fristadfjellet

Tilbakeblikk frå Kultingane mot ruta til Smørkletten.
Eidsfjorden og Stongfjorden t.h.


Ein kjapp tur til Blåfjellet via Skylefjellsruta her heime i frå i går ettermiddag. Lett i joggesko. Tørt og fint. Blåfjellet i Grimelia er som kjent fjelltrimpost for AHIL 2021, og frå 1. mai også post på TiTur Dalsfjorden 2021. Posten var allereie godt besøkt på to dagar!

Som i går slo eg to fluger i ein smekk i dag òg. Til Smørkletten inst og øvst i Askdalen i Askvoll. Og deretter vidare til Fristadfjellet via Kultingane. Sistnemnde også post på TiTur Dalsfjorden. 

Fekk meg ein liten god prat med Ingvar S. nede i bakkane. Eg på veg opp - han ned.   

Litt meir skyer i dag. Og nesten vindstille. Så mange varmegradene var det ikkje akkurat. Men tørt og fint i bakken. I berre joggesko. Herleg!

Ingen kommentarer: