Frå turen på Blegja og Eitrenipa 10/10.
Vi ser tilbake på sistnemnde frå utløpet av Leknesvatna.
Etter turen på tirsdag vart eg slett ikkje betre i ankelen min. Han verkte som tykjen sjølv! Og den er framleis vond og litt hoven etter fallet forrige lørdag. Men no er visst fargen normal igjen i det minste. Som om ikkje dette var nok slo jo vinteren til med full mugge òg denne veka. Det har difor vore nokre seige dagar i det siste.
Meldingane for morgondagen ser visst slett ikkje så verst ut. Planen er difor å komme meg avstad igjen før eg aldeles går i frø. Så får no fot vere fot og snø vere snø. Eg har heilt sikkert berre godt av å få av meg litt ekstra sveitte no...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar