tirsdag 12. oktober 2021

Skjerlia neste...

Skorvemarka i dag

ds

Sola kik fram aust om Markahengenipa

Så var turen komen til ny fjelltrimpost på Kvamsnipa i Skjerlia. Veldig kjekt å gå på nokre "nye" fjell. For det er lenge sidan eg har vore opp på Kvamsnipa. 

Det var berre nokre få plussgrader på morgonen. Delvis skya med nokre gløtt av sol. Litt nordatrekk oppe mot toppen. Faktisk òg nokre frosne snøflekker. Ruta var godt merka av Dag-Tore Mjåseth. Ingen problem med å finne opp. For kven som helst. Elles vått i lendet. Og enkelte plassar noko glatt på skråberg og våte hamrar. 

Sola kik fram på vatna vest av Markahengenipa.
Fossedalshengenipa delvis i skodde.

Det er flott utsikt ned igjen til Skorvemarka og Markavatnet frå Kvamsnipa. Diverre låg skodda ganske lågt i fjella i aust, så det var ikkje sikt dit på morgonen. Fossedalshengenipa og Markahengenipa dukka no og då fram frå skoddaheimen. Fint når sola skein mot vatna vest av fjella. God trimtur dette på morgonen!


Ingen kommentarer: