|
Snødrev over Mangevatna |
|
men jammen dukka sola opp over Moldura òg... |
|
Skylefjellet i dag |
Det var faktisk opplett heile vegen opp på Skylefjellet i dag tidleg. Men på toppen og ned igjen slo det til med snøfòk og kulingkast i frå nord. Ikkje det, for brått såg eg i sola òg. Før det var på an igjen. Egentleg greitt å kome seg ned på sørsida av fjellet....
Elles skikkeleg vått alle plassar. Med naud og neppe eg kom meg tørrskodd over Rindaelva. Men jammen var eg like tørr på føtene då eg kom heim igjen. Gjennom all den væta, elvar og dammar! Meindl Litepeak skoa er knallgode! Og sjølvsagt Rab Muztag jakka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar