onsdag 6. oktober 2021

Remerking

Grått på Skålefjellet i dag

I går gjekk turen til Skylefjellet. Med ettersyn av merking. Stien er både del av Kystarven og frå 10. oktober også del av fjelltrimprogrammet til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Stien ser heilt grei ut!

Frå Skylefjellet i går -
vi ser mellom anna Krikavatnet og Toreheia oppe mot venstre

I dag vart det ein tur for remerking opp Gjerdedalen og Brekke til Skålefjellet. Stien er frå før ein T-merka sti. Mykje av ruta føl denne opp dalen. Stien til Skålefjellet tek av ovanfor andre elva. Den andre ruta opp ved første elva og over hammaren er litt utfordrande. Så førstnemnde er å føretrekke om ein er litt redd for høgde. Samtidig kan det vere farleg å gå over hammaren når det er glatt. Det er difor den "vanlege" ruta som er merka oppover (den første er òg merka ovanfor hammaren). Kryssar så nordvestsida av Skålefjellsvatnet og vidare opp.

På ein grå oktober dag ser vi frå venstre Stavenesodden og Høgeheia, Blåfjellet i midten og Toreheia - 
Stongfjorden og øyane i Florø. 

Mykje av ruta(ene) har eg merka frå før. Både over hammaren og ovanfor andre elva. Men i dag hadde eg med meg ei god ladning med merkekjeppar. Flott tillaga og målte av Dag Tore. Dei plasserte eg ut ved høvelege stadar oppover. I tillegg til merkinga frå før. Dermed skulle begge desse rutene frå Stongfjorden vere ferdigmerka. Denne turen har eg elles i si tid skissert i Opptur boka (side 429). 

No er det slik at det også blir merka til Skålefjellet frå Holmedalsida. Den offisielle stien på programmet. Så her har ein fleire alternativ å velge i. 

Utsikt austover til kjende fjell - i midten Portafjellet og Vardenova - 
Heileberget th. med Driveknolten (fjelltrimpost i år)

Det var elles ganske sleipt og vått oppe i Brekka i dag. Mykje våte lauv i stien gjorde han såpeglatt. Noko utfordrande ned igjen. Om ikkje stiane opp til Skålefjellet er verdens best, så kjem du det raskt opp i høgda denne vegen. Ovanfor tregrensa er det flott utsikt til Stongfjorden, Toreheia og øyane i Florø.

Noko sleipt oppe i Brekka i dag -
men fint med haustlauv...

Biletfilm frå Skålefjellet


Ingen kommentarer: