Til og med i skoddedis, kuling og regn og midt på lyse dagen, ser ein no to blinkande varsellys frå vindturbinane på Lutelandet. Det blir 7 til... Her frå oppstigninga til Fristadfjellet. |
Eg tok turen til Askvoll igjen i dag tidleg. Med fjelltrimposten på Fristadfjellet på programmet. Det heldt seg faktisk opplett heile vegen opp. Bles skikkeleg godt på toppen! Luftig og heftig! Eg fekk på meg ei solid haglebyge nett etter returen. Midt i mot. Den svei i kjakane. Elles godt vått i stien nede i dalen. Og litt snø på toppen.
Til og med i skoddedis, kuling og regn og midt på lyse dagen, ser ein no to blinkande varsellys frå vindturbinane på Lutelandet. Det blir 7 til...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar