torsdag 19. oktober 2023

Toreheia fjelltrim

Soloppgang over Skålefjellet - foto frå Rinda

Krikavatna, Mangevatna, Blåfjellet og Skylefjellet - 
frå ruta opp dalen

Vi ser vindturbinane på Lutelandet frå toppen -
Askvollfjella og Atløy mot høgre

Flott utsikt mot aust frå toppen -
m.a. Blegja, Storehesten bakerst t.v.
i midten frå venstre ser vi Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla
mot høgre fremst ser vi det flotte Portafjellet


Eg starta tur på Toreheia i dag tidleg i 08.30 tida. Fekk ein flott soloppgang ved Rinda. Det var skyfritt, men her oppe møtte eg ein sur vind frå aust. Som tenkt. Det var òg frose på i løpet av natta. Og med alt regnet i det siste var det is mange plassar. 

Oppe ved Krikavatna tok vinden endå meir. Heldigvis hadde eg godt med klede med meg. Her oppe var det heller lite med morgonsol. Så det var berre å halde tempo opp bakkane for å halde varmen. Så godt som det let seg gjere for ein pensjonist-kropp....😅 

For dei som kjenner litt til Toreheia frå før, så veit dei at fjellet er rimeleg eksponert for vèr og vind. På toppen vart det difor fullt klesskift på overkroppen i den isande vinden. Ja, trur eg hadde på meg 4 lag til slutt...😃Det hjelpte på!

Ned igjen heldt eg fram over Yndestadhøgeheia, og vest igjen til eg møtte på ruta eg hadde gått opp aust i dalen av Svartevatnet. Ei fin runde dette. Og så heim igjen til Yndestad via Rinda. 

Yes, god trim. Knall sol. Og landskapet skein av gull... 🌞

Utsikt heim

 Foto Toreheia 191023

Ingen kommentarer: