lørdag 15. februar 2020

Tøffe vindkast

Det er ein månad sidan vi fekk att sola heime,
men no er også morgonsola komen...

Med larvespor på Toreheia

Heim igjen frå Yndestadhøgeheia

Det var tøff vind på Toreheia i dag. Og nokre av vindkasta på toppen var faktisk ganske skumle. Eg hadde mi fulle hyre med å halde meg på føtene i kasta. Sidan det i tillegg var avblese og is på steinane på toppen var det ekstra heftig. 

Tøff vind og isete på Toreheia i dag
Elles var dette første turen i år med trugar. Og nytta desse frå stigninga under Krikavatnet og til topps. Det krev jo sjølvsagt mykje krefter å klyve bakkane med trugar. Ski kunne òg vore eit alternativ. Men over Yndestadhøgeheia var det veldig avblese og nesten snøfritt. Og sjølve returen ned her i frå via Selda er ikkje mogeleg å gå med ski. Elles ein hard trimtur dette i dag...

Ingen kommentarer: