tirsdag 25. februar 2020

Hard søraust

Toppen på Fossedalshengenipa t.h.

Mot Fossedalen.
Søndre Kringla t.v. Fossedalsvatnet t.h.

Markahengenipa midt i bildet
Etter at eg gav meg på Fossedalshengenipa 13/2  var eg i grunn litt gira på å prøve på nytt i dag. Opplett og delvis sol. Men frå godstolen heime såg eg opp i rennefòket på Skålefjellet, og skjønte jo teikninga, men hoppa i det for det. Så eg køyrde i Skjerlia og sette i gong. 


Rennefòk og isande vind
på toppen
No låg det ein del mindre snø enn sist. Spesielt det første stykket opp til Krokavatnet. Lenger oppe var det meir. Men i dag hadde eg teke med meg trugane, og dei kom godt med. Eg tok dei på ovanfor vatnet og brukte dei heilt til topps. Og tok dei ikkje av igjen før eg kom ned att til kraftvegen. 

Som nemnt ovanfor så bles det skikkeleg opp ryggen (sjå video). Rennefòket plystra rundt øyra. Vinden reiv i kroppen. Og i verste kasta forsvann faktisk sikta. Endå det var sol frå ein slørete himmel. På toppen var det slett ikkje verandes. Eg fekk i full fart knipsa av nokre bilder og ein liten videosnutt. Returen gjekk halvveges springande ned att ryggen. Puhh! Det var travelt. Lenger nede ved Krokavatnet var det nesten stilt. Eg gjekk likevel rett ned igjen til Markavatnet. Dusjen next! 




(mykje støy på desse videoane)




Ingen kommentarer: