torsdag 13. februar 2020

Eit blodslit

Opp ura mot Krokavatnet

Klassisk utsikt på ruta
Eitrenipa og N & S Kringla

Krokvasstølen i vinterdrakt

Det var nok ikkje det luraste turmålet eg valde i dag tidleg. For snøforholda på Fossedalshengenipa var spesielt tunge i dag. Eg skjønte det vel egentleg oppe ved Markavatnet då eg hadde store problem med å kome meg inn kraftvegen med bilen frå avkøyring frå vegen til Skjerlia grunna djup snø.. Heldigvis hadde Gunnar O. allereie vore inn med traktoren. Elles hadde det gått skit alt her. Gunnar traff eg forresten ovanfor vatnet. Og slo av ein prat med han. 

Det gjekk forsåvidt rimeleg greitt over myra og opp urane til Krokavatnet. Men hadde brukt ein heil masse krefter opp hit. Vidare opp skjeringane ovanfor Krokavatnet låg det berre enda meir. Eg gjekk til skrevs mange plassar. Og på jamna opp til knea. Noko som overraska meg. Det var ikkje fast snø under alt det lause heller. Så etter å ha vurdert å snu fleire gonger, bestemte eg meg endeleg heilt oppe under den bratte ryggen opp. Det er som kjent inga skam å snu. Og Fossedalshengenipa har eg vore på eit uttal gonger før... så for den del. Men klart det sat litt i sinnet å måtte gi seg. Likevel var no det det mest fornuftige i dag - eg måtte jo ned igjen òg! 

Tungt i sko i dag
Å vabbe i så djup nysnø i berre sko er sjølvsagt ein prøvelse. Med trugar omlag likeeins. På ski sabla tungt òg. Likevel er det sikkert nokon som stiller spørsmål kvifor eg går i berre sko. Vel, eg synest alt som tyngjer ned føtene blir tungt i slik djupsnø. Og her er ulendt. I dag låg det dessutan meir snø enn eg trudde. Og laus heile vegen. Ein test for både kropp og sjel. Ikkje minst for trimmen sin del. Det siste er no det viktigaste... 

Ingen kommentarer: