lørdag 8. februar 2020

Uvèr

Nokre minutt på morgonen såg skyene rundt slik ut
Sterk vind
I dag gjekk eg meg ein tur på Høgeheia på morningen. I blesten og før regnet sette inn. Og blest var det rikeleg av der ute. I høgda hadde eg vanskar med å halde meg på føtene i verste kasta. Men eg kom meg no opp og heilskinna ned igjen. 

Etterpå når regnet kom vart det Dale-tur og eit besøk hos mor mi. Det er morsdag i morgon, men då er det teater i Stongfjorden. Og det må vi få med oss. Teater var det i grunn på Høgeheia òg i dag...😃

Ingen kommentarer: