mandag 3. februar 2020

Små pensjonistmøte 2

Minne om vår og fint sollys i Prestemarka i dag

Nordgåande ekspress

Sauesundet, Atløynipa og Skredvarden

Snødrev på Blåfjellet i dag

Som eg skreiv fredag vart det Bergenstur i helga. Namnedag og sosialisering. Og mange bilder av meir privat art. Takk til Odd og Ellen i Kolstien, og Torbjørn og Ingrid Anita på Søråshøgda, for husrom, vertskap, god mat og alt anna. Kjekk helg!

Utsikt frå Kolstien i Bergen

Solnedgang på Søråshøgda lørdag

I dag gjekk turen til Askvoll igjen. Eit par ærend og ein tur oppom Blåfjellet stod på programmet.

På fjellet var det i dag nysnø med snødrev og litt vind. Og eit par minusgrader. Artig å treffe Ingvar og Gunnar igjen. Førstnemnde oppe i fjellet på veg ned. Vi slo av ein liten prat. Ein litt lengre prat vart det med Gunnar nede i Prestemarka. Han med motorsag i sekken... Omlag som for ei liten månad sidan. Kjekt å sjå pensjonistar i aktivitet. I så måte er det visst her nede ein må gå for å få litt sosial omgang. 


Ingen kommentarer: