fredag 7. februar 2020

Varme solbakkar

På veg til Krikavatnet

Krikavatnet

ds

Dagens selfie på Torehea
Stongfjorden



Øyriket i Florø
Skylefjellet t.v.

Stongfjorden og heim att til Yndestad

Stavenesodden med Høgeheia
Svartevatnet t.h.

Eg hadde i grunn slege i frå meg nokon fjelltur i dag sidan eg hadde nokre oppdrag på programmet i Førde. Men med litt tid til overs før det mørkna, og flott vèr, vart lysta for stor... Eg pakka meg difor fort avgarde då eg kom heim igjen, og sette kursen for Toreheia på 717 moh. Eg slepp å køyre nokon stad då. Og med ei av dei flottaste utsiktene i kommunen er denne turen heilt perfekt. 

Eg traff ingen andre på turen enn havørnparet som held til i området. Folk er her minimalt av. Iallefall på denne tid. 

I ettermiddagssola var det faktisk ganske lunt oppe i bakkane. Med 7 varmegrader heime og nærast fønvind, fekk eg meg ein perfekt trimtur på ca 3 timar. Vel vitande om nye lågtrykk på veg inn over land. Tydeleg å sjå ute i havet. 

Ingen kommentarer: