onsdag 19. februar 2020

Fossedalen rundt

Vestenden av Fossedalsvatnet

Dalsstølen

Nordre og Søndre Kringla

Øvre Fossedal

Vassenden på Fossedalsvatnet

Nedre Fossedal
I dag gjekk eg runda som GPX-fila under viser. Litt uheldig var eg nok med at det beste vèret dukka opp då eg kom heim att. Men elles var det opplett i dag. Grått og flatt lys då. Det gir jo ikkje dei finaste bilda. Men slik er det om dagen. Vi får ta det som det kjem. 

Turen elles gjekk greitt. Veldig vått. Og ein del tung og våt snø oppe i lia vest for Nedre Fossedal. Også vest over flatene på Dalsstølen. På turen austover til Fossedalsvatnet og Øvre Fossedal brukte eg trugar. Fint. Så seig eg ikkje så mykje ned i det myrlende området rett aust for stølen. For her var det sabla vått. Både av snøsmelting og regn. 

I lonane på elva som kjem ned frå området rundt Dalsstølen symde og dukka det ein oter på matauk. Det var eit stykke unna så noko godt treff fekk eg ikkje av karen. Her er ein liten snutt

I nordenden av Fossedalsvatnet renn elva ned frå Krokavatnet. Og den var stri i dag! Så her hadde eg vanskar med å passere for å kome meg vidare opp i Øvre Fossedalen. Men med gamasjar og gode sko klarte eg faktisk å kome meg tørrskodd over.  Dette ved å finne steinar å stige på både oppover og samtidig over elva. Reina labyrinten... 


Nordre og Søndre Kringla frå vestsida av Fossedalsvatnet

Returen gjekk eg den vanlege austsida av vatnet til Nedre Fossedal og Otterstein igjen. Eg rakk innom Allmuen for skillingsbollar i dag òg... Og eit par ord med "Parlamentet" - pensjonistar som samlar seg her, og som i dag lada opp til skiskytinga. Eg hadde tima dette så bra at eg rakk heim igjen i dusjen, og fiks ferdig med cola og bollar då startskotet gjekk. No vart det visst berre sølv då, men min gullmedalje for dagen var allereie i boks....😃




Og slik vart dagen avslutta - i gull...
(men som kjent - når sola går ned i ein sekk, er den neste dag vekk)




Ingen kommentarer: