torsdag 6. februar 2020

Blaute myrar og ròten snø

Dagens selfie på Nipebu

Gråvèr på Nipebu

Is på Krokavatnet
Eg fekk spørsmål om is eller ei på Krokavatnet i går. Med is på Krikavatnet her heime hin dagen, trudde eg neppe Krokavatnet var ope. Mildvèr eller ei. Men sidan eg ikkje var sikker, tok eg turen opp frå Markavatnet i Skjerlia i dag. Ja, her låg is. For tjukk til å bruke båt. Og det som var ope vatn sist eg var her oppe, var no utrygg is. Både på Nipevatnet og Langevatnet òg. Trygg is blir her  neppe denne vinteren.... 

Elles låg det ein del skodde i fjellet i dag. Litt yr og regn i lufta. Ròten snø, gjørme, elvar og dammar. Rysje føre med andre ord. Men jammen heldt ikkje skorna tett både opp og ned. Knusk tørr på sokkane då eg kom heim igjen! Ja, stell av sko er viktig. Spesielt med slikt vèr og føreforhold som vi no har! 

Det vart ikkje til så mykje anna på Nipebu i dag enn å skrive seg i boka før eg returnerte. Her hadde vore folk i helga, men hytta var kald. Og for min del var det ikkje aktuelt å fyre i omnen. Eg må til Førde i morgon. Dessutan lage middag til fruen og Peter i dag. Så noko omnkos og overnatting lyt vente til ein annan gong. Eg får heller fyre i omnen her heime no....😄 Trimmen er iallefall i boks...

  


1 kommentar:

Unknown sa...

Hei! Er det skiføre fra Markavatn til Nipebu? Ser ikke så bra ut med snø på bildene :/