tirsdag 11. februar 2020

Fjell og luft av hav

Holevika i dag

Granesundet 
Furefjellet


Alt slags vèr i dag
Her på Furefjellet. Eimind t.h.

Smelværet

Panorama Furefjellet

Staveneset

Nordre Atløyna, Alden og Heggøyna midt i bildet

Eg var på Høgeheia både i går og i dag. Men i dag gjekk eg utom Furefjellet på returen. Veldig fint her ute ytst på Stavenesodden. Det er rett ut i havgapet. Med flott utsikt til Staveneset, Alden, Heggøyna, Smelværet og nord/sør seglingsleia (sjå foto). 

No er sjølvsagt vèret om dagen så si sak. Klart det er flottare her ute med sommar og sol og solnedgangen rett i mot. Men eg synest det er fint uansett vèr og vind. Og kvardagen er vel helst at det både bles og regnar. I dag var det "alt slags vèr". Alt frå kraftige haglebyger til ei tjukk snøbyge på veg ned igjen i Holevika. Men forsyne meg vart himmelen heilt blå med solskin då eg køyrde heim igjen. Artig egentleg. Og eg synest ofte at bilda blir meir spanande i skiftande vèr enn berre i knall sol og blå himmel... 

Elles er det berre å oppfordre folk til å gå denne turen. Mange turfolk vart nok kjende med Høgeheia for første gong i fjor. Då som post på TiTur Dalsfjorden. Så dette er berre å halde fram med. Her er god sti, godt merka og snøfritt. Og som alltid veldig tidleg vår ute mot havet. Turboka for "Høgeheia sine vener" ligg klar for signaturen din. Stå på!



Ingen kommentarer: