mandag 17. februar 2020

Fossedalen i grøne far

Øvre Fossedal med Nordre og Søndre Kringla.
Foto 19/11-19

Eg har klipt og limt nokre innlegg frå Facebooksida til Fossedalen i grøne far. Innlegg eg har lagt inn dei siste dagane. Det er kanskje ikkje alle lesarar av bloggen som føl denne sida på Facebook. 

Bilde 1. Svortevikstølen (Krokvasstølen) i dag 13/2-20.
Svortevikstølen eller Krokvasstølen ligg fint til ved nordenden av Krokavatnet. I dag går DNT-ruta frå Skorva til Nipebu forbi her.
I gamle dagar var det mykje samkvem mellom folk frå Førdefjordsida og Dalsfjordsida. Dette var før vegane kom. Ruta ein brukte gjekk gjennom Fossedalen langs Krokavatnet mot Førdefjorden. Dette var den kortaste vegen frå sør til nord her inne. Det var òg den som låg lægst i terrenget.
I Fossedalen budde det ein god del folk i gamle dagar. Ja, dei hadde til og med eigen skule. Det er fortalt at ein vinter det låg særs mykje snø, så hadde ikkje Fossedalsfolket hatt kontakt med folk på Krokvasstølen (som det heitte då) på lange tider. Dei kava seg difor fram med hest og slede over Krokavatnet. Då dei kom fram, såg dei at det rauk opp av snøen frå skorsteinen. Då forstod dei at folk var i live!
Ruta frå Fossedalen til Skorva vart òg nytta som gjennomgangsport for folk som skulle på sildefiske ved Florøkanten.
Som vedlagde bilder viser var Krokvasstølen også i gamle dagar eit turmål. Klikkar du deg inn på bilda finn du namn. Bilda er tekne av Paul Stang frå Stongfjorden i 1918.

Svortevikstølen (Krokvasstølen) 13/2-20 

Sitjande Anton Stang, Bertil Gjerde, Kristen Yndestad, Maria Gjerde, Maria Stang, Ferdinand Lundstrøm. Ståande stølsjenter frå Svortevik (ukjende)

Bertil Gjerde, Kristen Yndestad, Ferdinand Lundstrøm, Paul Stang, Anton Stang, Maria Stang, Maria Gjerde
I følgje oppgåva "Tidt eg minnest ein gamal gard" av Thora HovlandKjellaug Hatløy Bjergene og Ingebjørg Ramstad, og deira intervju med Astrid og Sofia Fossedal, var det stor trafikk gjennom Fossedalen om sommaren. Det kom folk frå Flokeneset, Øyra og Skorvemarka (som tidlegare nemnt - dette var før vegane vart bygde). Dei skulle til Dalskyrkja då det var preikesundag. Men det er òg sagt at dei kom fordi dei ville danse på berga i Øvre Fossedalen. For Johan og Elias Fossedal kunne spele til dans.
Folket i Øvre Fossedalen fekk elles etter kvart hevd på å slå teigen på husmansplassen på Krokvassenden. Til å transportere høyet hadde ein "roddar" (meis eller snøresekk). Ofte vart høyet lagt under hellarar og transportert heim på slede om vinteren.
Eit anna eksempel på samkvemet mellom folk i Fossedalen og ved Førdefjorden var at ein om sommaren gjekk i Svortevika og fekk myse til grisen. Dei laga så god gamalost på stølane der. Så fekk grisen hå med myse på.
Vedl. tre foto av Svortevikstølen (Krokvasstølen). For ukjende ser vi Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen av Krokavatnet.



3 foto av Svortevikstølen (Krokvasstølen)


I tilknytning til bildet med mellom anna dei to ukjende stølsjentene på Svortevikstølen i 1918 (sjå tidlegare foto), ser ein at namnet Hele dukkar opp i "Tidt eg minnest ein gamal gard".
"Ho Hele på Svortevikstølen var ein gild granne å ha i sommarhalvåret. I heile 65 år støla ho. Siste året var ho 81 år, men gjekk så lett og fint. Ho såg ut som ei fin lita dokke, og hadde nok vore "ryse pæne". Hele var "leste" (gjekk på møte) og sterk i seg til å vete kva som var rett og ikkje rett. Anne (mor til Astrid og Sofia) vart oftare å finne ved kyrkja etter at sonen, Olav Gudmund, døydde (dø) (på fiske). Vi anar at dei to kvinnene har hatt sine andelege samtalar ein og annan sommarkveld".
"At dei lilja til møtes med kvarandre veit vi. Begge var flinke til å lilje (å syngje med sløyfer). Når fjellvandrarar drog opp på Kringla, hende det at dei bad Anne om å lilje opp til dei. Borna var vaktpostar og gav signal når liljinga kunne ta til. "Det var så fint". Og ein gong, det var i seinare tid, fekk Einar Olset Anne til å lilje innhyses.. Liljing må ikkje forvekslast med jodling. Inger Otterstein var òg flink til å lilje".
Om det er Hele som er ei av stølsjentene på bildet til Paul Stang veit ein ikkje. Men det er ikkje usannsynleg. Og kanskje er det nokon som veit?
Vedlagt haustfoto mot Øvre Fossedalen frå Kringla. Også frå ruta langs Krokavatnet mot Svortevikstølen. Både vest og austsida av Krokavatnet er i dag greie å gå.

Øvre Fossedal, Fossedalsvatnet og Krokavatnet. Fossedalshengenipa i grått. Vi skimtar Mandelia (Skjerlia) heilt til høgre bak Svortevikstølen.

Øvre Fossedal midt i bildet nede. Svortevikstølen lengst til høgre i enden av Krokavatnet.

Fossedalshengenipa og Krokavatnet frå skåra til Søndre Kringla. Kanten på Eitrenipa t.h. Svortevikstølen midt i bildet i enden av Krokavatnet.


"Om sommaren vart det travelt ofte. Då var det slåtten seint og tidleg. Vi hadde utmarkslette kringom alle stad. Kyrne likte godt det sevet som veks i vatn. So vi slo frå båten når det trongst. Høyslette hadde vi i Kvelven, Bossløkja, Høgelia,, Kristianaura, Staurdalen. Smådalane, Grøndalen, Og i Osen bortanfor Dyttingja (ved kloppa på Kroke Vassenden (dette er sør på Krokavatnet). Når vi var i Stølsdalen rodde vi høyet og la det under hellarane der. Husmannsplassen på Kroke Vassenden (dette er nord på Krokavatnet) slo vi òg".

(Det ser ut til at ein brukar Kroke Vassenden om både sør og nordenden av vatnet her).

Det er tidlegare lagt ut bilder frå hellarane i og rundt Fossedalen. Her nokre eksempel. I tillegg nokre stadnamn frå Fylkesatlas Vestland.

Kyrahellaren ligg ovanfor kloppa ved Krokavatnet på ruta til Svartetjørna og Fossedalshengenipa..

Kallhelleren rett søraust for Svortevikstølen.

Svartetjørnhellaren rett nord for Svartetjørna på ruta til Fossedalshengenipa (Grøndalen rettt i nord)




dette kartet under kan du scrolle stadnamn over heile området. Du finn att mange namn der ein hadde utmarksslått i gamle dagar.



1 kommentar:

Unknown sa...

Veldig bra, inspirerer til tur