tirsdag 4. februar 2020

Ein smak av vinter

Snødrev på Yndestadhøgeheia i dag

Soloppgang over Skålefjellet, Svarthamrane og Moldura

Yndestadhøgeheia med utsikt til Toreheia i midten bak.
Det var mykje snødrev her i morgontimane...

Mangevatna på ruta til Skylefjellet (TiTur Dalsfjorden 2020)

Utsikt frå Skylefjellet mot nord til Svanøy og Florø
 
Panorama mot Skylefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia

Det var kome ein god del nysnø i høgda i løpet av natta. Tørr nysnø. Og den dreiv ganske så heftig oppe på fjellet i morgontimane (sjå video Yndestadhøgeheia under). Det er klart det blir noko tyngre å gå når forholda er slik enn når det er bart. Meir klede må absolutt til òg... For vinden reiv godt i dag. 

Relativt tungt og ein del nysnø oppover i dag

Målet i dag var Toreheia og Skylefjellet. Det gav eg meg på oppe på Yndestadhøgeheia. Forholda innover fjellet i den kraftige vinden trigga ikkje akkurat lystene mine.... I staden gjekk eg nord og via Krikavatnet til Skylefjellet. Det var litt lunare den vegen. Men på Skylefjellet var det nok eit lite inferno. Eg gjekk så via austenden av Mangevatna og til Svartevatnet. Her i frå via spora eg hadde laga tidlegare til Rinda og heim att. 

Spora mine ned att frå Skylefjellet
(den merka ruta går ned ranen mot høgre og mot der eg står)

Litt irriterande at det såg ut til å stilne av då eg kom heim igjen i dag. Hadde eg visst det hadde eg nok gått ein times tid seinare - og kanskje kome meg på Toreheia. Men for dei som les bloggen min så veit dei at der har eg vore før.... 

Litt karbo ved Svartevatnet



Foto Yndestadhøgheia Skylefjellet 040220

,,

Ingen kommentarer: