lørdag 4. september 2021

Nye fjelltrimtoppar

Foto frå Driveknolten på Heileberget


Eg har sett litt på rulleringsplanen for fjelltrimmen. Som vi veit kjem det nye postar første eller andre helga i oktober. For 7 år sidan stod desse toppane på programmet:

Driveknolten

Kvamsnipa

Fristadfjellet

Skylefjellet

Skålefjellet

Blegja (frivillig)

(på nettversjonen på bloggen finn du bilder frå alle desse fjella pluss mange fleire)

No er det sjølvsagt opp til styret og avgjere kva toppar som skal telje. Så det får vi vente med å sjå. Ovannemnde fjell er iallefall noko for ein kvar smak. Velkjende for somme. Men kanskje kan ein få rekruttert nye fjellvandrarar med dei nye postane. Det er jo litt in i tida dette med fjellvandring....


 

Ingen kommentarer: