mandag 13. september 2021

Motorpsycho




Nokre mobilknips frå dansen (video under)


Eksepsjonell konsert med Motorpsycho på Einehaugane i Dale i går kveld. Fantastiske kulisser i skogen etter at det var mørkt. Flott dansing av ein flokk jenter. Kvelden kjendest nesten litt historisk her oppe i skogen der vi sat på berre bakken med sitteunderlag. Ja, det var eit reint utruleg arrangement. SÅ flinke dei er i Dale med Teaterfestivalen. 

Konserten var utseldt med 200 billettar.  

 Video

(mot slutten)

Ingen kommentarer: