torsdag 30. september 2021

Ettersanking

Ein god prat med NIVA folk i Oslandslia

Desse hadde eg med heile vegen frå Kjennahola (nord og nedom Toreheia)
- Oslandsvatnet i bakgrunnen


Med Sunnfjords perle i sikte (Svanøy)

Fantastisk flott ettersankings-dag i dag. På jakt etter nokre av Henrik i Vågane sine sauer som har gått igjen i området her oppe etter sankinga. 

Eg starta i 08.30 tida heime i frå og gjekk først til Mangevatna. Her ute såg eg allereie 8 sauer. Sterkt i tvil om desse var rette sorten, måtte eg likevel gå turen nordvest om Mangevatna. For i kikkert å få stemt av at dei ikkje var Henrik sine. Etter det gjekk turen vidare til toppen av Skylefjellet. Deretter opp bakkane mot Storesva. På vegen sjekka eg av heile nordsida. Sørsida og opp dalen mot Toreheia fekk eg godt oversyn over i kikkert frå Skylefjellet. Men det gjekk ikkje sauer verken her eller der....

8 sauer ved Mangevatna - men ikkje "våre"...

Selfie Toreheia i dag

Eg gjekk så opp og over alle ryggane på Storesva. Kom deretter rett nord om toppen på Toreheia. Og sjølvsagt måtte eg opp om den... (om eg ikkje hadde noko der å gjere...😀)

Deretter gjekk turen nordaust-over slik at eg fekk kikka ned i Kjennahola. Her er det frodig og godt beite. Og langt der nede gjekk det 6 sauer. Heilt sikkert Henrik sine... Så då måtte eg gå ned dei bratte bakkane som går mot Stavestranda. (Opp og ned - fram og tilbake. Ja, slik er sauesanking....) 

Steinete og bratt nord om Toreheia...

ds - Ytrevågefjellet oppe t.v.

Då eg kom meg ned sette sauene kurs opp i dalen som går nord/sør mellom Toreheia og Ytrevågefjellet. For deretter å ta beint sør om Hjartebuvatnet. Så sørsida her i frå og austover retning Osland. 

Sauene måtte ha seg eit farvel syn til Stongfjorden og før turen vidare austover...

Sauene gjekk egentleg fint. Dei føre og eg etter. Følgde gamalt trakk. Til vi kom ned i Oslandsliene. Her traff eg først Tormod S. og så Henrik med to personar frå NIVA. Ute i felten på eit nytt prosjekt for utmark og allemannsretten. Mellom anna. Så det var eit veldig hyggeleg bekjentskap. Sauer fekk vere sauer. Dei gjekk nede i bjørkeskogen. Vi vart pratande ei heil stund... medan Tormod gjekk etter nokre andre sauer nord i lia. 

Tormod kom så att med 5 stk som eg tok med meg ned lia. Etter mykje om og men, ny sveittevæte, og etter asfalten til ei innhegning nord i Vågeskaret. Dei andre gjekk oppe i bjørkeskogen no med dei 9 eg hadde kome med, pluss nokre til, og fekk dei innafor eit inngjerda stykke på oppsida av vegen. Dei fekk stå der inntil dei hadde roa seg.... 

Vegen heim...

Så slik gjekk denne dagen. Mange timar i fjellet. Overskya og fint vèr. Fin temperatur. God og sosial omgang med ei hyggeleg jente og ein mann frå NIVA , Tormod og Henrik. Og så fekk eg haik heim igjen til Yndestad. Hyggeleg, kjekk og nyttig dag! 

Mobilfoto Ettersanking 300921

Ingen kommentarer: