tirsdag 28. september 2021

Fantastiske ruta frå Skorvemarka til Fossedalen

På Fossedalshengenipa i dag tidleg

I dag klaffa det endeleg med å gå turen frå Skorvemarka til Fossedalshengenipa for så å gå vidare til Øvre og Nedre Fossedal og til Dale. Skulebussen der i frå og til Askvoll. Og med fruen heim igjen. 

Ruta i dag - sett frå Eitrenipa


Deler av ruta sett frå Fossedalshengenipa i dag

Det var praktfullt tidleg haustvèr i dag. Noko vind oppe på Fossedalshengenipa på morgonen. Men relativt god temperatur til å vere så seint ut i september. Ryggen opp var delvis tørka opp etter regnvèret. Litt betre feste for skorna då. Elles var det ganske vått mange plassar (det syg å gå i våte myrar...)

På denne ruta går ein over Stølsdalen og Stølsdalshellaren på vestsida av Krokavatnet. Og vidare til Svartetjørna og Svartetjørnshellaren. Deretter passerer ein Kyrahellaren før ein når kloppa i sørenden av Krokavatnet. Så går stien vidare ned i Øvre Fossedal. 

Under Kyrahellaren er det fin utsikt til Fossedalshegenipa


Øvre Fossedal i dag
Nedre Fossedal


I dag gjekk eg igjen vestenden av Fossedalsvatnet. Litt meir vått og myrlendt her enn på hi sida. Men finare utsikt til Øvre Fossedalen. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla. Så er det utfordringa med å kome seg over elva som kjem ned frå Krokavatnet. Og det same med elva som kjem frå Lonana aust om Dalsstølen. Desse elvane kan ofte vere strie og vanskelege å kome seg over. I dag rekna eg med det skulle gå. Og det klaffa. Men på vassenden av Fossedalsvatnet måtte skorne av - her måtte eg vasse for å kome meg over. 

Må jo vasse litt også...

Folk såg eg ikkje verken i Øvre eller Nedre. Men eg traff eit par ovanfor Kleivane. På veg til Nedre Fossedal. Elles artig med malte figurar på steinar på stien frå Fossevika til Otterstein. 



Kanontur. Verken meir eller mindre. Så kjekt å gå denne gamle ferdselsåra igjen. Ruta dei brukte i gamle dagar frå Dalsfjorden til Førdefjorden. 

Svartetjørnhellaren t.h.
Fossedalshengenipa i midten


Og så var eg i Dale...



Ingen kommentarer: