søndag 26. september 2021

Rotvelte-jobb

Frå stigningane til Toreheia

 

Stien oppover mot Yndestadhøgeheia


Stien opp dalen

Kraftig vind på Toreheia i dag

Ruta vestover til Skylefjellet t.h.

Frå stien til Skylefjellet og Mangevatna

I dag gjekk eg opp på fjellet heime og til Rindaelva der det var rotvelte av eit tre med svære greiner over stien og elva hin dagen. Med medbrakt sag gjekk det greitt å få fjerna greinene.

Greinene på treet er saga av og fjerna frå stien og elva ved Rinda

Etter at det oppdraget var utført gjekk eg om Krikavatnet til Toreheia. Jammen bles det godt her oppe. Men noko liv å sjå var det ikkje. Verken sau eller fugl! 

Eg var litt i stuss om å gå vidare austover til Ytrevågefjellet og til Vågane, men valde likevel å gå vest igjen til Skylefjellet. Mest på grunn av vinden. Men òg at det var uvisst med transport heim igjen frå Vågane. Det er jo kjedeleg å måtte gå heile vegen heim igjen etter asfalten etter mange timar på fjellet.... 

Vel, det bles på Skylefjellet òg. Nesten som vanleg får eg seie. Nokon tur vest til Blåfjellet var ikkje i frågan i dag. Eg har i grunn vore nok der ute.... Så då bar det heim igjen. Men du store allpakka så traff eg jammen Olaug på Rinda. Kjekt å treffe fruen sånn utan vidare.... Ho fekk no gå Blåfjellsturen sin i fred, medan eg fòr heim att i dusjen. Fin tur!


Ingen kommentarer: