søndag 31. mars 2019

Kald kosestund

Eg var visst tung....

Stongfjorden - etter kvart eit kjent motiv...

Over hamrar og sva....

Granesundet frå Furefjellet
Det tok si tid før fruen i huset bestemte seg for om det skulle bli fjelltur i dag. Turmålet vart i siste omgang bestemt på veg opp i vegskiftet. Venstre eller høgre. Høgeheia eller Ytrevågefjellet. Ho tok til venstre. 

Før den tid gjekk eg i påvente av avgjerda rundt i huset, og i rein desperasjon i gang med å plante om nokre stoveplanter. Dei seiest at ein veks seg like med dei ein bur i lag. Vel, så langt er visst ikkje vi komne her i huset. Eg må ut og i gang fortast mogeleg når eg har fri. For min betre halvdel er visst ikkje det så nøye. Når det er sagt er det fullt mogeleg eg må ta til meg noko lærdom når eg no snart blir pensjonist. Då kan eg vel ikkje seie at det hastar....

Vel, nok om det. Turen på Høgeheia gjekk fint den. I frisk nordavind var det kaldt nok. Iallefall når sola forsvann. Vi traff forøvrig på Dag Tore oppe under toppen, og slo av ein prat med han. Etter toppen gjekk vi så "mi" ruta vestover til Furefjellet. Eg likar å ta med meg denne toppen heilt i vest. Det blir litt meir tur ut av turen då. Og nærare havet frå fjellet kjem ein ikkje her på fastlandet.  

Fin tur dette. Ikkje akkurat sommartid då. Men kalde og nøgde fòr vi heim att i dusjen. Og sola? Ja då skein sola som ho var gala....

Foto Høgeheia Furefjellet 310319

Ingen kommentarer: