Det har vore ei fantastisk påske på alle måtar. Kjekke familietreff, gebursdagar og familieturar for store og små. Og ikkje minst må eg nemne ei usedvanleg arbeidssom og flink kone. Ankeret i familien som styrer skuta på heimebane.
Underteikna er gjerne komen i ein alder der det er godt med litt armslag og rom. Det medfører nok litt egotrippar. Men dette har kome seg monaleg i år når eg har hoppa av fjelltrimmen. No får eg tid til meir enn jobb og springe på fjellet! Så sparer eg i tillegg knærne litt. Og orda Olaug sa til meg i fjor - "når du blir gamal må du hugse på kva du brukte all di fritid på" kling endå i øyra. Så i år har eg roa meg litt...:-)

Men turar må eg ha. Både for helsa og vitet sin del. Helst singelturar, så eg kan vere min eigen herre. Kjenne meg sjølv på pulsen. Fridomen og stilla. Og mykje meir vàr på livet rundt meg enn når det kjem tytande ein heil bataljon. Men ein sosialiserande tur kan jo vere greitt av og til. Det er ikkje det...:-)
Her er nokre ord om turen i dag. Ein kanontur på alle måtar. Du får med deg i pose og sekk av flott natur ved å gå ruta frå Førdefjorden til Dalsfjorden frå Skjerlia. Eller omvendt. Alt etter som. Ikkje minst er dette blitt lettvint no når Dalsfjordbrua kom. Mykje meir praktisk når ein slepp båt over fjorden. Stien frå Otterstein til Fossevikja er ikkje ferdig tilrettelagd, men er allereie godt i bruk. Og godt merka. Hovuddugnaden på stien blir første helga i mai.
Eg starta frå Skjerlia ca kl 08 i eit fantastisk vårvèr. Men allereie på demma i Stongfjorden måtte eg stoppe og ta bilde av Skålefjellet. Der eg var opp hin dagen. Fjellet spegla seg så flott i Stongsvatnet.

Skålefjellet
Framme i enden av nyevegen til SFE ved Markavatnet, var gravemaskinene deira allereie i gang med å grave seg vidare oppover i terrenget. Dei har fått løyve til ny anleggsveg opp Siristien til Grunnevatnet. Utan særlege protestar frå verken "hund eller hare". It`s a shame. No har eg lenge prøvd å legge dette bak meg. Kampen er tapt. Eg gjorde det EG kunne. Skreiv lesarinnlegg, sende bilder i "hytt og pine" og herja på. Som kjent er det lite hjelp i å gråte over spilt mjølk. Men eg må innrømme at det var som å få salt i det opne såret då eg kom opp igjen her i dag og såg anleggsmaskinane....
SFE har starta arbeidet med resten av vegen til Grunnevatnet
Grunnevatnet t.v.
Eg kom meg fort forbi rotet ved Markavatnet og opp elva til Eitrefossen. Elva som skal regulerast. Eg trur altfor få har sett naturkvalitetane her oppe. Morgonlyset er praktfullt. Elva, fossane og furuskogen likeeins. Når morgonsola står skrått inn gjennom skogen og den fossande elva, er det "eit syn for gudar". Furuskogen er i tillegg eldgamal. Skimrande av gull.
Eg stoppar allltid ved Eitrefossen når eg går på Eitrenipa. Kor mange bilder eg har av fossen veit eg. The twins. Brother and sister. Brothers in arms - skal òg regulerast. Ja, det gjer vondt. Så inn i furuskauen vondt. Den fullstendige meiningsløysa i å øydelegge så mykje vakker natur for ettertida berre for å produsere nokre ekstra kilowatt. Straum til å forbruke endå meir ressursar her på kloden. Forstå det den som kan....
Fossedalshengenipa og Krokavatnet.
Skjerlia som ei liten grøn flekk t.h. for midten
Eitrefossen i middels utgåve
Rett ovanfor toppen av Eitrefossen får du utsikt til dei praktfulle Leknesvatna, Blegja og Eitrenipa i aust. Nydelege i morgonsola. Fjella kvitkledde kneisande mot den blå himmelen. Spegla i det blikkstille vatnet. Sol i fjeset. Sug i magen. Kan livet bli betre...?
Blegja, Eitrenipa og Leknesvatna
På denne tid er det alltid litt spanande å sjå korleis konsistensen er på snøen opp skaret på fjellet. Unnasols som det ligg til langt på dag (du ser skaret går opp t.h.på bildet ovanfor). Eg hadde utstyrt meg med stegjern då her er eit parti som er skummelt. Rett ut for fjellet nett under toppen. No viste det seg at skaret opp var fylt av reine sigesnøen. Den nye snøen som kom forrige veke var ikkje frosen nok til at han heldt meg. Det vart difor ein hard tørn å kome opp skaret. På det skumle punktet, eit lite stykke under toppen, var det likevel heilt glasert....
Forrige gong eg var opp i vinter, var det akkurat på same måten. Då hadde eg berre med meg broddar og torde meg ikkje opp den vanlege ruta. Eg fann då ei slukt rett opp før det nemnde punktet og kom meg opp den vegen. Eg tok same ruta opp i dag. Den låg snøfri, og eg slapp stegjern i det heile.
Du kan kome deg opp den snøfrie nakken rett t.h. for toppen
Det er alltid herleg å kome seg opp på toppen av Eitrenipa. Personleg synest eg dette fjellet gir best utsikt i heile Askvoll. Ok - du ser berre ein bit av Dalsfjorden, men likevel.... Utsikta elles er fantastisk.
Det hadde kosta bra med krefter å kome meg opp i dag. Spørsmålet var kva eg gjorde no. Agnar var gått på Nipebu. Eg lurte difor på å gå ut dit. Likevel bestemte eg meg for å gå sør til Kringla og ryggen opp dit (bildet ovanfor). Den såg innbydande ut, men ville nok bli endå eit slit...
Og slit vart det. Eit grådig eitt. Men eg kara meg no opp. No måtte eg berre ha i meg næring før eg gjekk aldeles tom. På bildet under ser du noko av utsikt mot nordvest frå Nordre Kringla. Ei utsikt eg tok meg nokre skiver til....

Eitrenipa i dag. Florø t.h.
Og slit vart det. Eit grådig eitt. Men eg kara meg no opp. No måtte eg berre ha i meg næring før eg gjekk aldeles tom. På bildet under ser du noko av utsikt mot nordvest frå Nordre Kringla. Ei utsikt eg tok meg nokre skiver til....
Fossedalshengenipa og Krokavatnet.
Skjerlia som ei liten grøn flekk t.h. for midten
Ja, ja hva no lile do...:-) Ryggen på Søndre Kringla låg innbydande midt i synet. Nipebu var ikkje aktuelt lenger. Eg måtte kome meg til bygds igjen òg... Fornuften trur eg sigra. Eg gjekk ned igjen til skaret og løypa frå Massbu, og returnerte Øvre Fossedalen.
Botnatjerna låg delvis isfri her i botnen. Her kan du anten ta opp Eitreskaret t.v. mot Eitrenipa og Blåegga/Belgja, eller skaret til Massbu t.h., når du kjem frå Fossedalen. Artig var det å sjå på kjøa i dag. Dei pila frå land i den flotte solsteiken.
Ei kjø i Botnatjerna
Dnt merkinga frå skaret og ned til Krokavatnet held delvis mål. Men burde ha vore hatt ein dugnad på. Spesielt ned skogen. Stien er likevel delvis synbar. Noko anna er at stien under Søndre Kringla til Øvre Fossedalen er nesten heilt igjengrodd med einer. Her burde det absolutt vore gjort ein innsats.

Turen frå Øvre Fossedalen til Fossevikja og Ottersteinen let eg liggje i denne omgang. Ruta seier seg sjølv, og er ein tur mange av dykk sjølve har gått. Men du finn mykje bilder frå Fossedalen her.
Alltid kjekt å stå ved vassenden på Fossedalsvatnet.
Bak ser vi Eitrenipa og N&S Kringla.
Høgda på fjella er omvendt
proporsjonal med bildet
Bak ser vi Eitrenipa og N&S Kringla.
Høgda på fjella er omvendt
proporsjonal med bildet
Øvre Fossedalen. N&S Kringla Øvre Fossedalen med Eitrenipa
Dale
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar