fredag 8. januar 2021

Karamøte

Karamøte ved Kalderasnipa.
Moldura bak t.h.

Ja, i dag møtte eg karane på tur. Ved Kalderasnipa og på Vikastølen. Kjekt å sjå kjentfolk i fjellheimen. I det flotte januarvèret vi har må ein sjølvsagt kjenne si besøkelsestid. Sol, tørr nysnø og vindstille. Perlemorsmorgon og soloppgang. Kvitkledde toppar i rosa morgonsol. Slike syn gjer noko med både tankesett og humør. Og ikkje minst reint kroppsleg. Dei blide karane eg trefte i dag, frå Holmedal og Dale, skriv sikkert under på dette. Det er ingenting som slær ein god tur i Guds frie natur. 

Som de sikkert skjønar gjekk eg opp frå vassverket i Holmedal i dag tidleg. Tidleg og tidleg fru Blom - klokka var visst blitt over 9.30 før eg begynte å gå. Som vanleg opp Grønene til fjelltrimposten på Kalderasnipa. Oppe ved toppen traff eg så Gunnar T. og Frode O. Morgonsola var her skjult av Dokka i sør. Vi slo av ein prat om eitt og hitt. 

Soloppgang ved Grønene.
Dalsfjorden t.v.

Frå Kalderasnipa gjekk eg så mot sør og opp bakkane til Dokka òg. Det låg ein god del snø fleire plassar. Det fekk blodpumpa til å slå godt.... Fantastisk flott på toppen. Askvoll, Holmedal, Dalsfjorden, Straumsnes og kvitkledde fjell bada i januarsol. Litt bilder sjølvsagt. Og skifte av sveittevåte klede. Returen så ned mot nord og "Nyksvatn-ruta". Eg tok så av frå denne og ned Grønene igjen. 

Dokka i dag.
Sol over Dalsfjorden.

ds

Vel, no hadde eg jo hatt eit karamøte oppe på fjellet. Men nede ved Vikastølen var det tid for eit nytt eitt. Her møtte eg to kjenningar frå Dale. Så då vart det ei ny sosialiseringsrunde. Litt utstyr- og ruteprat. Mogeleg dei ville gå om Nykshytta til Hålandsstølen.  

Nytt karamøte i dag - 
Bård og Hans frå Dale.
Dokka oppe t.v.

Veldig kjekt å helse på folk i fjellet. Spesielt i desse tider der alt slags restriksjonar er lagt til grunn i møte med andre menneske. 

    Foto Kalderasnipa & Dokka 080121


2 kommentarer:

Øystein Helle sa...

Kjekt å følgje deg på tur. Vintervitaminar. Eg valde ski i Rivedal i går og skøyter på Hellesetvstnet i dag

Gustav Skaar sa...

Takk for det Øystein. Det er viktig å kome seg ut og halde seg i aktivitet. Kjekt i går.