tirsdag 5. januar 2021

Flata ut

Ok - det er lov å feire litt etter å ha flata ut....😄


Soloppgang ved Fossedalshengenipa frå ryggen på Markahengenipa i dag


I dag stod Markahengenipa for tur igjen. Etter å ha fått sjekka av at det var brøytt veg frå hovudvegen i Skorvemarka og bort til parkeringsplassen ved kraftstasjonen ved Markavatnet. Eg var der oppe før kl 09.30. 

Ved stasjonen låg det ca 15 cm tørr nysnø. Den perfekte sporsnøen viste igjen alt slags spor etter dyr ein ikkje ser til vanleg. Hjort, rev, oter, skogsmus, mår, røysekatt for å nemne noko. Kjekt det. For liv er det lite å sjå av.  

Det gjekk greitt bort dei frosne myrane og opp i ura. Men her i frå og opp under nordsida av Fossedalshengenipa var det steikje glatt under det fine laget med nysnø. Eg drog på broddane. Men med mykje snø som festa seg under, var dei faktisk til mindre hjelp enn eg trudde. Og i dag var det spesielt glatt i tillegg. Både ovanfor og nedanfor Krokavatnet. Resultatet vart fleire utflatingar - for å bruke det uttrykket. Og spesielt ned igjen var det litt skummelt. 

Morgonstemning ved Krokavatnet i dag tidleg....

Så det vart ein god del slit i dag òg. For i tillegg til isen låg det meir snø lenger oppe. Ut sjølve ryggen var det begge deler. Avblese og litt fonner. Dette partiet var som vanleg heilt greitt.

Men du verda. Å få oppleve soloppgangen ved Fossedalshengenipa frå Markehengenipa igjen tidleg i januar, er verdt både nokre tryningar og litt slit. I tillegg til det fine vèret var det fullstendig vindstille. Og då heile fjellheimen i vest opna seg i morgonsola i vest oppe frå ryggen, var det berre heilt perfekt.

Heilt prefekt då utsikt mot fjellheimen i vest openbara seg

Ved "Brothers in Arms" steinane sette eg av meg sekken. Slik forholda var hadde eg ikkje bruk for den ute på sjølve toppartiet. På returen bytte eg til tørre og varme klede her. Før "seglasen" ned igjen starta. 

På returen - "Brothers in Arms" og sekken min....

Alle lemmer er intakt. Ei vond skulder frå før fekk seg eit par nye trøkk. Men slikt må ein nesten rekne med i vinterfjellet. 

Foto Markahengenipa 050121

Ingen kommentarer: