søndag 10. januar 2021

Heftig i vind og vèr

Blåfjellet i dag.
Det lettar opp litt....
Blåfjellet 10/1


I går og i dag vart det turar på Blåfjellet i Grimelia. I går temmeleg heftig i kulingen og stormkasta. Også ein del rennefòk. Eksponert for vinden som området her ute ved havet er. 

Litt rennefòk på Blåfjellet 9/1

I dag var det rolegare med vinden. Men litt snøfjon i lufta på veg opp. Ganske avblese på fjellrabbane. Noko meir fòksnø i somme parti. Det letta faktisk bra opp på veg ned igjen. Skremselsmeldingane med mykje snø stemmer ikkje heilt. For her er det kome berre nokre få centimeter. Endå heilt fint å gå til fjells i berre skoa. 

Ingen kommentarer: